fredag 25. juli 2008

We didn't catch a wave, the wave catched us :)

No har vi nettopp komt heim fra Byron Bay turen! Vi reiste onsdag og det har gått i eitt sett sidan! Turen klaffa ironisk nok på dei EINASTE tre dagane med pøsregn på fleire veker! Vi fekk til òg med høre fra aussiane på Byron Bay at det har vore årevis sidan det var så stygt vær der!

Men bortsett frå litt uflaks på værsida, har vi hatt ein fantastisk tur!!! Ein del av dei internasjonale studentane som vi møtte mandag på "orientation day" var med på turen, så det var eit bra reisefølge fra Nathan. Vi tok då felles buss (med verdens galnaste reiseguide som fyllte oss heile turen), og sørover mot Byron Bay.

Carrumbin nasjonalpark
På veg nedover stoppa vi på Carrumbin.
Der fekk vi vere i eit par tima og bla klappe nokre herlige kengeruar!


Det var nokså dårlig første inntrykk på grunn av været, men hostelet vi budde på var mykje bedre enn forventa. Eg og Ingvild delte rom med tre tyskera, men romma var fine og hadde gode senger. Dessuten hadde dei ein veldig koselig "uteplass" med musikk i andre etasje, der vi samlast til både mat og forspel :)

Onsdagen tok vi ein rask rundtur gjennom gatene og ut mot stranda. Utrulig flott! Vidare gjekk vi til fyrtårnet som låg opp på ein ås, og kan trygt seie det var tungt å gå oppover i klisj våte kle! Men utsikta fra toppen var heilt utrulig, spesielt med tanke på det heftige været og dei store bølgene som vi kunne sjå langt der nede! Fyrtårnet og plassen rundt var altså Australias mest austligaste punkt! Så det var ganske svært å få oppleve det.

På veg opp til fyrtårnet, Australias austligaste punkt!
- berre halvvegs, men allereide fantastisk utsikt!
Utsikta mot åsen der austligaste punktet i Australia ligg!
..og utsikta fra toppen!
Austligaste punktet i Australia
Dei to svenskene vi har vorte kjent med :)

På kvelden vart det forspel på hostelet og ut på Cheakey Monkeys. Vanvittig med liv :) La meg ikkje før halv 4, og då skulle vi opp halv 8 for kayaking!

Forspel på hostelet
Mia fra Sverige, eg og Ingvild:)

Torsdagen vart det altså kayaking i pøsregn. Var nokså skeptisk då vi skifta til våtdrakt å var gjennomvåte og kalde før vi engong hadde komt til stranda! Eg og Ingvild fekk ein eigen kayak, og vi lærte korleis vi skulle padle for å komme forbi bølgene - og det var IKKJE små bølger! Pågrunn av været var det antakeligvis mykje større enn vanlig, og dokke kan tenke dokke surfebølger! Med min vannskrekk holdt eg naturleg nok på å dø før vi var komt ut i vatnet :) Men eg syns eg òg Ingvild var nokså flinke; vi padla rett gjennom bølgene og ut mot havet der bølgene var større og ikkje braut. Det var nokså vanskelig å høre instrulktøren så det var ganske vanskelig å følge kayakane, men vi måtte følge ei viss "rute" slik at vi ikkje kom inn mot der bølgene braut! Nokså nervepirrande! På vei innover i pøøsregn, med bølgene som slo bak oss, var vi ganske imponerte over at vi ikkje hadde tippa kayaken over ende (for det gjorde dei fleste), men 2 sek etter vi hadde skrytt av oss sjøle kom sikkert største bølga å slo oss over ende. Eg kom under kayaken så fekk rimelig panikk på veg opp fra vatnet. Kayaken dreiv vekk med bølga, så der låg vi (heldigvis med redningsvest og hjelm). Eg hyperventilerte og klarte nesten ikkje puste eller holde pusten, og nesten med ein gong vi hadde komt opp av bølga kom ei ny og slo meg under. Det var skikkelig skummelt, for vi måtte svømme inn til land med ei åre i handa og eg klarte nesten ikkje puste. Men Ingvild kan mildt sagt kallast ein saving angel då. Ho prøvde å få meg til å puste rolig og sa frå når neste store bølge kom slik at eg kunne holde pusten. Svært imponert over det! Eg hadde ikkje klart å fokusert ellers.

Tilbake på stranda fekk vi kaffi og kjeks, men pågrunn av at eg skalv så fælt vart det ikkje mykje kaffi igjen i koppen ;) Etter å ha fått roa meg ned, var eg berre utrulig glad eg vart med på kayaking! Høres vanvittig ut, men skal eg bli kvitt vannskrekken må eg hoppe i det! Dessuten var det litt av et adrenalinkick!

Det vart barbeque på hostelet på kvelden, og deretter ut på både Cockomanga og Cheakey Monkeys :) Vart nokså sliten i dag, og burde vel aldri lagt meg halv 4 no heller sidan det også fredag var opp halv 8! Men det som må seiast er at eg traff på en ålesunder som var med Extrem Adventures følget (det turen er arrangert av)!! Synest det var en ganske morsom tilfeldigheit :)
Andre kvelden på Coco Mangas
Her er eg og Ingvild sammen med fire svensker vi vart kjent med :)


Fredagen var det hardt å stå opp og eg vurderte sterkt å gi meg på surfekurset vi skulle ha i dag, men kl. 09.00 vart eg med eine gruppa til ei flott strand der vi skulle øve oss. Været var som i går ganske vått, men det gjorde egentlig ingenting; som reiseguiden sa; "Your getting wet anyway!" ;)
Eg var både sjuk av kulda og ranglinga dagen før,
men det var visst ikkje god nok unnskyldning;
Her har Pete tatt kleda mine, hehe..
Eg og Ingvild klare for surfing!!

Surfeteamet! :)
Eg og Ingvild lengst til venstre:)

Eg er veldig glad eg vart med på surfekurset! Vi hadde først opplæring på stranda der vi varma opp og lærte korleis vi skulle ligge på brette og stå opp i rett posisjon. Deretter gjekk vi to og to ut i vatnet med kvar sin instruktør og vart sendt innover med bølgene. Klarte ikkje å stå meir enn to sek eller noke før eg falt bakover og inn i bølga, men det var kjempegøy å ha fått lært dei grunnleggande stega for å surfe! Dessuten var det ganske artig å merke at ein surfa med bølga innover! På grunn av dårlig vær vart andre gruppa som skulle surfe kansellert, så det betyr at vi fekk surfekurs i egentlig alt for store bølger, noke eg syns var ganske svært :) Hadde bølgene vore mindre trur eg ikkje det hadde vore så kjekt - litt imponert over meg sjølv såleis; sidan eg har vannskrekk burde eg vel meine det motsatte ;)

Etter en halvtime med dusjkø på hostelet, vart det pizza til lunsj, og så strake vegen heim med felles buss:) Har vore heilt utrulig kjekk tur til tross for det dårlige været! :D Men akkurat no er eg berre glad for å kunne slappe av + at eg og Ingvild har fiksa airconditionen her!! Så no vert det varmt i leiligheita endelig! Det treng vi etter en så kald og våt tur ;)

Klem :)

1 kommentar:

Unknown sa...

Nåja, du virka no overraskande lite vannsky egentlig! Imponert over deg! Eg veit jo at du aldri har bada med haudet under vatnet når vi har bada! No skal eg skrive deg ein mail. Savnar deg, og blir litt rørt når eg les om livet ditt down under. Det ser ut som om du kjem til å få det kjempebra! Klem!!