søndag 27. juli 2008

Småsjuk

Som sagt var det altså pøsregn på Byron Bay, så denne helga har eg vore skikkelig snylta, og hadde også feber i går.. Men det er fortsatt første veka i Australia og ikkje tale om eg skal bli sengeliggande då! Så i går vart det også en litt småhektisk dag.. Sov heilt til halv 2, så kan ha noke med korfor det vart hektisk ;) men trengde søvna etter Byron Bay! Så vart det litt sløving pågrunn av feber, men så var det berre å hive seg rundt å stelle seg..

Hadde vorte invitert på fest laurdag tidligare i veka, som skulle vere i eit stort hus der dei to svenske jentene vi har vorte kjent med bur (roliga tjeier btw :) ). Dei bur då med ein svensk gut og faren hans. Sidan det tek over ein halv time med buss, og ganske vanskelige bussruter å følge, måtte vi tidligare avgårde. Ikkje overraskande måtte faren til Jamie, som han heiter den svenske guten, hente oss då vi var nesten framme fordi vi ikkje klarte å finne rett buss ;)

Men uansett mikkmakk for å kome seg fram vart det ein veldig kjekk fest med så å sei berre aussies, noke som var nokså svært i seg sjøl ;) Vi har delvis planlagt å ta turen til Gold Coast saman med noken av dei andre fra festen, for å lære meir å surfe!! Det skal bli strålande vær neste veke også, så trur det kan bli veldig bra :) Feberen gav seg også heldigvis, så i dag er eg berre snylta.

Klem :)

Ingen kommentarer: