torsdag 17. juli 2008

Turen down under!

Så var mandag 14. Juli komt – the big day! Eg og søstra mi, Merethe, sku reise samme dag, så mamma kjørte oss til Gardermoen. Men på veien måtte vi kjøpe koffert for den eg hadde vart ødelagt dagen før! Men fekk meg ein skikkeleg god koffert i det minste! :) Tenkte ej skulle klare meg med sekken eg hadde, men hadde ikkje heilt flaks med den heller – hadde nettopp komt inn døra på Gardermoen, så rivna først eine skulderstroppa, så den andre! Måtte berre le, for at både kofferten og sekken min skulle ryke var litt sprøtt.

Etter mykje makk med innsjekking også (var ikkje berre berre det heller), fekk vi endelig komt oss gjennom sikkerhetskontrollen, og då var det virkelig på gang! Måtte seie hadet til Merete også, og det var like trist som alle dei andre avskjedane..

Merethe på Gardermoen;
seie hade samtidig som ho sjøl reise ut av landet (Køben)

Ingvild klar for avreise!!
Spent på reisa! Men åå kor lei meg òg.
For mykje bagasje = mykje handbagasje :P

Så var vi på flye til London, og eg kan vel ikkje seie anna enn at turen og dei ulike mellomlandingane gjekk heilt fint, bortsett frå at vi hadde trudd vi skulle få meir tid til taxfree, internettsurfing og andre ”svært” viktige ting ;) Men kunne vel fått meir søvn på den 13 timers lange turen til Singpore! – stolen framfor oss kunne aldri knirka meir enn den gjorde, og guten oppi stolen kunne aldri bevegd seg meir! Men eg klarte òg holde meg, sjølv om det nesten klikka for meg! ;)

Fekk også sove litt frå Singapore til Sydney på 7 timer, men må innrømme at eg då var ganske døgnvill! Kom fram halv 11 på førmiddag norsk tid i Singapore, men der var den egentlig 17.30, og då vi reiste med flyet var det egentlig kveld sjølv om det føltes som morgen, og enda verre vart det å kome fram til Sydney 5 om morgenen der det var heilt mørkt ute; ei stund tenkte vi faktisk det var kveld, men det var stikk motsatt.

Vel framme i Brisbane, 9 om morgenen, begynnte ting å skjere seg igjen; vi vart møtt med et forferdelig regnvær og bagasjen var borte vekk. Hadde bestilt henting på flyet, så det var heller ikkje mykje tid til å finne ut om bagasjen, forsikring osv. Det einaste vi fekk vite var at dei skulle ringe så snart dei visste noke. No sitt eg her 19.45 lokaltid og har nettopp prøvd å ringe flyplassen; og dei veit fortsatt ikkje kvar bagasjen er! Har eit lite dilemma der, for klarte å glømme skikkelig klesskift (utrulig å tenke på med tanke på alt eg HAR pakka!). Så uten regnjakke og skikkelig kle, har vi gått ute å prøvd å finne fram.

London baby! ;)
...Og venting...

Vi er på kangaroopoint akkurat no, så det var ikkje mykje å sjå sidan det ligg et stykke utanfor byen. Men fekk oss i det minste litt mat. Men akkurat no har eg ikkje lyst på noke anna enn bagasjen – er våt og klam etter 30 timers reise og regnvær. Og tar eg en dusj vert det å hoppe opp i gamle kle og har heller ikkje store utvalget av toalettsaker (krise!). Men det positive er at det ikkje er kaldt her. Tipper det er rundt 20 grader, i hvert fall tidligare. Men det er sjølsagt til gjengjeld ganske fuktig luft.

Utanfor leiligheitene vore første dagen.
Denne sida av elva heite Kangaroo Point
Stova i leiligheita vår første dagen.
En stykk dødssliten og klam Hildegunn
Kjøkkenet
..og badet
Nei, vi får håpe det vert en bedre dag i morga! Er litt hjelpelaus akkurat no, for vert antakeligvis altfor dyrt å ringe reiseforsikringa, eller andre heime, og har kun ein time på nett som eg har betalt for! Litt vanskelig å ordne forskjellig uten internett. Men har vore effektiv no ved å skrive ned alt i word før eg går på nett! No gjeld det berre å prioritere rett på kva eg skal sjekke ut på nett :)

Legg snart ut litt bilder fra reisa også – for å vise at det ikkje berre er elendigheit her down under ;)

Klem frå midlertidig våte Brisbane :)

Ingen kommentarer: