tirsdag 8. juli 2008

Første stopp

Da har eg begynnt på reisa mi! Reiste fra Volda i går i 14-tida og det var som eg trudde veldig trist.. Glede meg til Australia, men det er trist å tenke på å vere vekke fra volda, ørsta, akito og ODD i snart et halvår!! MEN no har odd nesten bestemt seg for å besøke meg i september! Så da har eg ihvertfall noke veldig kjekt å sjå fram! :)

Første stopp er Tinn i Telemark, der mamma bur no. Her blir eg ei veke, for på laurdag gifter ho seg med Per som ho har vore sammen med i ett og et halvt år no! Det blir sikkert kjempestas! Håper det blir litt bedre vær einaste, for akkurat no er det nokså overskya.

Blir nok ikkje berre avslapping her, for det gjenstår ei STOR opprydding i bagasjen min! Har pakka eit heilt lass som vanlig og med handbagasjen har eg vel nærmare 40 kg!! Så eg får berre fint legge igjen en del saker her før mandagen kjem..

Ellers er eg vel også ein smule småstressa! Er for det første litt skeptisk på korleis det skal holde med pengar i Australia.. Trudde eg skulle få dekt flyreisa ned, men det endte opp med at lånekassen har gitt meg HALVPARTEN av det eg trudde eg skulle få - altså også berre halve av flybilletten. Så no har eg tatt opp banklån på 20 000 kr i tillegg til stipend og håper det er nok til at eg får både leve og oppleve.. Eg og Ingvild har heller ikkje på nokon måte fått klart kva fag vi får ta der nede! Så vi får berre satse på at vi får fire godkjende fag når vi kjem ned. Det bruker som regel å ordne seg, så eg må berre seie at eg gleder meg meir enn eg er stressa :)

Klem

1 kommentar:

Ingvild Marie sa...

So fint at du oppdatera her:D hehe.. Eg trur faktisk ikkje eg har so mykje å pakke med meg, vel eg trur eg helde meg under 20kg i kofferten ihvertfall;) Så trur det går fint å ha dissa Forever21 kleda dine i kofferten min;)

Eg og tar ein trille kofferte med som handbagasje, men den er veldig liten få å seie det sånn:) hehe

Klems:) KOOOS deg i bryllupet!