mandag 28. juli 2008

Postkort og anna :)

Ja, maskina mi er altså ikkje den raskaste her, så bilder kjem sakte men sikkert. No har eg lagt ut litt, men maskina klikka før eg fekk lagt ut alle dessverre.

Men ein annan ting:
Tenkte å begynne på litt postkort no snart! Men har ikkje så mange addresser - så kan dokke ikkje skrive addressa på kommentar eller sende den på annan måte? Dei som vil ha kort fra down under sjølvsagt ;)

Mi adresse er;

Southbank Campus Apartments
7 Hope Street
South Brisbane Qld 4101
Australia

Ellers er det ikkje så mykje som har skjedd sidan i går! Har vore på skulen ein halvtime maks og prøvd å fått ordna faga, men vi har fortsatt ikkje klarlagt kva fagkombinasjon vi skal ha, så i morgon får vi eit møte med ein fagansvarlig for å klargjere kva vi har komt inn på og ikkje. Det faget vi hadde time i i dag var kanskje litt uaktuelt fordi det er meir som praksis og har ikkje eksamen før i februar. Men i morga får vi vel klarheit i det.

Så må det vel også seiast at eg og Ingvild ikkje har den beste flaksen med oss! Byron Bay - regn, Fagplan - nei, og idag fekk vi vite at det er lenge sidan det har vore så kaldt i Brisbane! Det er nesten slik ein treng hue og boblejakke (men no er no eg frostpist òg ;). Dessutan skulle vi vaske kle i dag, å flaksen var fortsatt ikkje til stades - etter ein halvtime tok vi ut kalde, våte, skitne kle i staden for varme, reine kle. Må nesten berre le...

Klem

Ingen kommentarer: