lørdag 19. juli 2008

Hope Street :)

Ja i går vart no nok en stressande dag! Første dagen på husjakt gjekk vi heile Southbank og West End pluss litt til (!), og igår gjekk vi gjennom delar av Kangaroo Point, så gjennom byen og oppover bratte bakkane mot togstasjonen og Spring Hill for å finne ei leiligheit. Vi såg fleire stadar for utleige, men det var stort sett ferieleiligheiter som ikkje hadde longterm utleige, eller så var det fullt.

Til "vegs ende" såg me ikkje mykje lys i tunnelen, og vi tenkte siste muligheita var å ta bussen til skulen for å få råd der. ..men.. igjen hadde vi ikkje mykje flaks. Der kunne dei ikkje hjelpe oss anna enn å vise til plakater og aviser med annonser. Sidan vi allereide hadde sjekka ut det meste til no, bestemte vi oss for å prøve å få ei veke på et nokså dyrt leiligheitskompleks, slik at vi i det minste hadde en plass å sove. Men igjen. Det EINE rommet dei hadde igjen vart nettopp utleigt av nokre som stod bak oss.

Vi va mildt sagt på gråten når det skulle skjere seg så forferdelig! Vi satte oss på en fortauskant å prøvde desperat å tenke ut ei muligheit sida klokka nærma seg kvelden og stengetider. Til slutt fann vi ut at vi skulle prøve et leiligheitskompleks vi hadde sett på dagen før. Vi hadde ikkje store trua for det var nokså dårlig kvalitet og skyhøge priser - umulig å finne noke møblert for under 6000 pr. pers! og der var itillegg depositum på snart 4000 kr.

Då vi endelig kom fram (er et stykke mellom bydelane!), så fekk vi ei positiv overrasking! Leiligheita me hadde sett på va utleigt, og dei måtte derfor tilby noke anna. Det vi fekk i staden var rett nok for tre, altså med ein tredje person, men leiga var betydelig mykje bedre! Vi såg på leiligheita, og den var også mykje finare enn den andre! Det tok ikkje lange tida før vi lagde avtale med dei og henta bagasjen fra hotellet vi hadde låge på. Kan seie vi var letta då ja! Endelig kunne vi pakke ut å virkelig slappe av før skulen begynne :)

Depositumet vart fortsatt nærmare 4000, men leiga vart snart tusen kr billigare med alt inkludert! :) Vil seie det er ganske grei beliggenheit også, med tanke på gåavstander. Det er vel berre et kvarterstid både over brua til byen og inn til sentrum av South Bank :)

Var nyyydelig å få pakke ut tinga her, og sette fram bilde og tegninga som eg fekk fra Gina :) Vart med en gong meir heimekoseleg!!

Fantastiske senga med eventyrdynetrekk!
Trengte å gi rommet litt farge ;)
Skrivepulten min, med Ginas tegning på korktavla =)
Nattbordet mitt, med det viktigaste!
- Odd; legg merke til kor bokmerke e i boka mi da! komt mej litt lenger da :P
Skorekka

I dag har vi tatt kvar sin laaange dusj, og gått stort sett heile dagen på queenstreet (handlegata), og funne ein del praktiske ting til leiligheita. Skulle GJERNE kjøpt en komfyr og ei dobbelseng også (for det mangla), men fann ut det vart litt for tungt å bære tilbake ;)
Ingvild heldiggrisen kjøpte seg brand new nine west sko! Men berre vent, eg skal nok ta igjen og få kjøpt litt merkekle eg òg :) Men må først òg fremst spare til utfluktene eg har på ønskelista :)

Feira leiligheita med starbucks :)

Fra fergekaia på kangaroopoint, med byen i bakgrunnen :)

Fra Victoria Bridge, med byen i bakgrunnen.
Denne brua ligg berre 5 min fra leiligheita så det er enkelt å komme seg over til byen og hovudgata!

Var forresten et HERK å bære med seg alt heim! Vi bytta på å bære en balje fullt i ting og matvarer, og ein sekk eg kjøpte fylt av sengekle ;)

Men no er vi tilbake i Hope Street som det heiter her på South Bank Campus. Synest navnet passa fint etter alt vi var gjennom igår! Det er "håp" for oss likevel :P

Klem :)