torsdag 23. oktober 2008

Gjer som mora di seie ;)

Ja, btw, så må eg seie at når det har lyna på det verste, så har eg alltid fylgt mamma sine gode råd ;) skru av elektriske apparat å ta ut kontaktene! jaja, rett nok vart det berre med maskina, sidan det er det mest dyrebare eg har her, men likevel, viktig å følge mamma sine gode råd ;) Alle andre derimot ser ikkje ut til å bry seg derimot.. såg fleire ute gå med paraply - er det verkeleg så lurt når det tordnar?

Ellers har eg store planar no om å få sendt av gårde litt kort herfrå! Så viss dokke har moglegheit vil eg gjerne få tak i adresser... så berre å legge igjen en kommentar! Eg vil gjerne vite kven som les òg! :)

Klem:)

onsdag 22. oktober 2008

Filming

Ja forresten, så har Ingvild laga ein ganske artig film frå "ein dag i Brisbane", så den syns eg dokke bør sjekke ut :)
http://ingvildaustralia.blogspot.com/2008/10/day-in-my-aussie-life_23.html

Været og anna interessant ;)

Ok, no har eg visst lagt til side skulearbeidet litt, kanskje på tide sidan klokka er 23.27 her no, men kan benytte anledninga til å blogge litt ;)
Skal vi sjå, etter Cairns har det faktisk skjedd ganske lite. Har hatt fullt opp med innleveringar, sitte no med 4 prosjekt som skal vere ferdig på 2-3 veker! Men det ordna seg :) Har ikkje berre sitte inne med skulearbeid heller... Har hatt noken kjekke filmkvelda me Josefin og Mia .. Laurdag spelte vi faktisk litt fotball også! Gjekk ikkje så bra for min sin del, men kjekt var det ;)

Har også vore på kjendisparty, noke som var veldig suksess :D Dokke kan no tippe kven eg skulle forestille ;)
Har også vore på BBQ party nede ved South Bank; der er fleire grillplasser der ein kan samlast ein heil gjeng - veldig kos :)

Kjendisane hos Linn, Berit og Ida i West End :)

Hmm.. ellers er her begynnt å bli mykje varmare! Allereie på veg til skulen 08.00 om morgenen er det alt for varmt med bukse og genser.. til og med t-skjorte blir for varmt! Men etter skikkelig solskinnsdaga bruka været å skifte heilt om på kvelden! I går gjekk eg ute og tok bilder å ante fred og ingen fare, sola skein og alt var fint.. men plutselig bak meg ser eg mørkaste skyane sige fram! Eg skjønte med ein gong at det skulle bli ekstremt vær, så eg gjekk radigt heim for å sleppe unna regnet. Då eg hadde komt meg eit par blokke unna leiligheita slår lynet ned rett framfor meg (ehm, eller rettare sagt eit par kilometer unna kanskje ;) . Men må seie det var litt skremmande å gå ute når eg hørte kor det braka å lyna! Akkurat i det eg kom under tak begynnte det å regne og det var seriøst digre regndråpar! Følte meg bra heldig då når eg kom meg inn før det verkeleg vart gale :) betre å stå frå verandaen å sjå på været enn å gå ute i det ;)

Været i Brisbane :) her tordna det skikkelig! Men klarte ikkje knipse det - var litt for opptatt med å skynde meg heim ;)



Ja, så kan eg vel også innrømme at eg har vorte ein smule meir ufornuftig her nede! Eg har ein del problem med å spare pengar til australia turane etter skulen, sidan det kostar ein del å bu her, men kan vel ikkje seie anna enn at det er delvis min feil også, for mandag vart det booking av kostyme til Halloween og samme dag shoppa eg meg nye sko, høghæla sko, men rett nok på salg da :) Men eg og Ingvild, som også kjøpte seg sko, tok dei på før vi handla mat, og berre den 20 minutts turen heim var nok til at føttene mine måtte ha seriøs pause! Endte opp med nok eit par gnagsår :P
Mi ufornuftig lange skorekke! Kor mange sko trur du eg bruka?

Hmm.. noke anna nytt? Ja, kan vel seie at eg har møtt ein kjent dverg no! Og han låg på sofaen min! Det var onkelen til ho vi bur i lag med, og han var visst skodespelar av eit slag. Men må innrømme eg vart litt forfjamsa når eg kom heim og såg ein dverg ligge på sofaen ;)
Ja, så fekk eg igjen første typografi oppgåva vår i dag, og fekk 75% pluss ein god del skryt, så var veldig fornøgd med tanke på at det er ein veldig streng lærar! No har plakaten eg laga fått hedersplassen.... på do... hehehe ;)
Vart liksom kun på do denne plakaten passa, wonder why? ;)


Så er det berre 3 veker igjen til skulen er slutt og då vert det reising hit og dit! Silje fra klassa kjem nedover om eit par veker og då har vi planlagt sydneytur med blue mountains og klatring på harbour bridge! :D

Nei no får eg komme meg i seng! Tidleg opp i morga og ta igjen fortapt skulearbeid...
Natta folks! Savna dokke alle sammen! men no nærma heimreisa seg med stormskritt :)

fredag 10. oktober 2008

Pics from Cairns :)

Her har eg lagt ut (kanskje litt vel mange) bilder fra den 10-dagers lange spring breaken i Cairns!
Ved lagoonen i Cairns
Road Trip med Michael søndagen, reiste nordover :)
Ein flott utkikksplass på vegen - vind men VELDIG varmt!
Gjekk bærføtt, men måtte låne flipp floppane til Michael for asfalten var så varm ;)
Port Douglas, der vi gjekk gjennom regnskogen

Nydelig badekulp midt inn i regnskogen :)
Mission Beach! Heilt fantastisk å bade der :D
Mission Beach

Dunk Island like utanfor Mission Beach
Vi bada litt også, men ikkje så mykje som på Mission Beach.
Litt småredd brennmanetane..
Soloppgangen på Mission Beach! Utruleg fint!
Tilbake i Cairns fekk vi sjå hundrevis av flaggermus som flaug over oss!
Det såg mykje heftigare ut enn det det gjer på bildet!
Ganske normalt med slike fareskilt i Cairns ;)
GREAT BARRIER REEF!
Også her; såg mykje heftigare ut enn det det gjer på bildet ;)
SÅ gøy å snorkle! :D

Botanic Garden i Cairns - hadde det litt gøy :)
På lagoonen og ete lunsj :)
Badevakta har nettopp tatt ein bit av Mia,
men vi er fortsatt blide og fornøgde :P


På veg opp til badeplassen som Michael og kompisane brukar å bade i.
Ganske vanskelig å klatre over steinane og wait-a-while plantene som var overalt!


Laga taco til alle saman eine kvelden, med Michael og mora.
Utsikta over regnskogen frå Gondolbana opp til Kuranda.

Kjøpte oss fersk kokosnøtt av nokre hippia i Kuranda ;)Fylte Michael til Dutchball trening, også kalt kanonball - her var det seriøs speling! ;)
Ein badeplass nær Michaels plass. Leika med nabohunden hans, Lana :)

onsdag 8. oktober 2008

Fredag 26. September
Fredagen var avreisedagen, og det var siste innspurt med innleveringane til to av faga! Men dessverre vart kun den eine ferdig. Men etter ein lang dusj og litt pakking var eg kjempeklar for Spring break!!
Vi fire reiste med fly i 9-halv 10 til Cairns, der Michael kom og henta oss :) Vi fekk i oss litt nattmat og fekk også sjå utsikta over Cairns fra ein stoppeplass opp i fjellsida :)
Michael var aleine heime første dagane, så det var supert å få bu der i leiligheita nokre netter!

Laurdag 27. September
Laurdagen var Michael på jobb, så vi tok bussen inn til sentrum. Ikkje stort der, skikkelig avslappande å vere der, og så hadde dei ein diger lagoon ved sjøen, der en kunne ha piknik på marka, sole seg på stranda eller bade =)
Gjekk for det meste å vindaugsshoppa litt og vart litt kjent med byen, før Michael var fedig. Då tok vi bussen tilbake. På ettermiddagen grilla vi på den kjempefine uteplassen der! Seinare besøkte vi Matt, naboen hans (han som bur sammen med Michael i Brisbane). Deretter tok vi ein liten tur ut på byen:)

Søndag 28. September
Søndagen var det klart for roadtrip! Men først kjørte Michael innom faren hans som hadde babyshower. Veldig artig å få møte han og familia!
Så reiste vi nordover og stoppa på ymse nydelige strende! Stoppa i Port Douglas der vi åt litt, og gjekk inn i den mest fantastiske regnskogen noken sinne! Der fekk vi bada i en nydelig badekulp også! :D skikkelig kontrast til brisbane - natur og frisk luft!
På kvelden reiste vi fire sørover med buss. Tok med oss det viktigaste frå kofferten og reiste til Mission Beach. Der budde vi på eit veldig greit hostel :) - sjølv om vi delte rom med tre andre gutar..

Mandag 28. September
Mandagen hadde vi den mest avslappande dagen på heile turen. Vi låg berre å chilla på stranda! :D Var heilt fantastisk! Perfekt badetemperatur og nesten berre vi som låg der! Tok også turen opp til "den virkelige mission beach" men den var mykje mykje skitnare enn den som låg nærast hostelet, men det passa oss eigentleg fint :)
Tok ein roleg kveld på hostelet med litt seriøs UNO-speling ;)

Tysdag 29. September
Tysdagen sto vi opp kl. 05.00! Då gjekk vi ned til stranda og såg den mest fantastiske soloppgangen! Ubeskrivelig.
Etter litt frokost tok vi den kulaste båten over til Dunk Island - båt taxi med dunkane pop musikk, hehe ;)
Utforska litt øya og fann fort ut kva slags strand vi IKKJE skulle ligge på, der var nemleg stadar med digre fluger som flokka seg rundt oss og beit skikkeleg hardt! Men fann til slutt ei fin strand som vi vart verande på. Vart ikkje like mykje bading her då det var farlege brennmaneter i vatnet.
På ettermiddagen tok vi bussen tilbake til Cairns :) Åt litt mat på lagoonen der, og då fekk vi oppleve noke av det sprøaste eg har sett! Heile himmelen var fylt av hundrevis av flaggermus! DIGRE flaggermus, som tok den daglege turen frå grotta og til ulike frukt tre (fruit bats, so dei kalla flaggermusene).
Fekk overnatte med Michael, og då traff vi mora hans, som var utruleg koseleg og gjestfri!

Onsdag 30. September
Onsdagen vart det mest avslapning. Sjekka oss inn på eit hostel i sentrum og gjekk litt rundt i gatene før vi tok turen til Palm Cove som er ei strand litt nord for Cairns. Enda ei nydeleg strand! Men var litt vind denne dagen, så vart ikkje så mykje bading. Dessutan må eg innrømme at når det i Cairns er fareskilt om krokodille så var det ikkje så veldig fristande å bade berre nokre få mil nordfor. Men kunne ikkje klage på temperaturen og sola uansett, var shortsvær heile turen, og ein kunne helst gått i bikini 24/7 på grunn av det tropiske klimaet.
På kvelden vart det gratis middag på Whoolshed som er ein utestad i sentrum. Tok tidleg kveld då vi skulle tidleg opp dagen etter!

Torsdag 01. Oktober
GREAT BARRIER REEF!! Torsdagen var det klart for båttur ut til det berømte Great Barrier Reef! Båten var ikkje av den største, men instruktørane var kjempe artige og flinke så det vart ein knall tur! Eller, kan vel seie at turen ut var litt for heftig! Været var ikkje på det beste på vegen ut så bølgene var veldig høge og båten gynga til alle kantar! Så naturleg nok spydde halve båten om kapp, inkludert meg, hehe, men vi såg positivt på det og telte til 3 før alle sette i gong ;) Stakkars instruktørane måtte ta posane og gi oss nye ;)

Vel ute på sjøen klarna himmelen og det vart nydeleg vær! :) Hadde litt problem med å kome meg ut i vatnet då eg var svært kvalm, men så snart eg hadde komt meg uti vart alt bedre! Første turen ut i vatnet var kun snorkelling, men eg hadde aldri prøvd det før, og med min vannskrekk hadde eg verste panikken! Kvar gong eg tok haudet under vatnet hyperventilerte eg og måtte ta haudet opp for å "puste", men etter kvart klarte eg å innsjå at eg med snorklemaske faktisk KUNNE puste under vatn, hehe.. Og når eg svømte der ute over revet, så var det berre ubeskriveleg fantastisk å sjå på alt som var der under! :D

Neste tur ut i vatnet var introduksjon til skubadiving! Må innrømme eg var litt nervøs når eg fekk på meg alt utstyret, men gledde meg på samme tid, for ville verkeleg lenger ned for å svømme blant korallrevet og fiskane! Men ting gjekk ikkje heilt som planlagt. Då eg hadde komt meg ut i vatnet og var på veg ned saman med instruktøren fekk eg problem med å blåse ut trykket i ørene, så eg fekk ein enorm øreverk, så vi måtte prøve igjen og igjen for å blåse ut trykket, men til slutt fann instruktøren ut at det var håplaust.. Dei sa at forkjølelse kunne gjere "equalizing" vanskelegare, og sidan eg hadde hatt ganske så sterk forkjølelse veka før var nok dette grunnen. Må innrømme at det var veldig surt å vere SÅ nær og likevel IKKJE få dykke! Men prøvde å sjå positivt på det - eg snorkla enda litt til, og låg på soldekket og naut sola, så kunne vel ikkje klage då :D Dessutan har eg funne ut at eg skal prøve å skubadive igjen når vi reiser til Whitsundey Island! (Det er også ut mot Great Barrier Reef).

På kvelden hadde vi vorte invitert til grillfest på ein yacht til instruktørane. Ganske rart å bli invitert etter at dei hadde sett oss spy, men vi takka no ja uansett :) Vart ein koseleg kveld!

Fredag 02. Oktober
Fredagen var vi også litt inn i gatene, men så gjekk vi til den botaniske hagen i Cairns, og det var utruleg flott der! Digre plantar, merkelege insekt (som ikkje eg var så altfor glade i ;) ) og fantastisk grønt og idyllisk :D
Seinare på dagen fekk vi gratis pizza og øl med dei vi hadde dykka med dagen før :) Avslutta kvelden med å fare på nattmarked (ope frå 5pm til 5am)! Masse artig ein kunne få kjøpt, men vart berre et haudeband for min sin del :)

Laurdag 03. Oktober
Laurdagen sjekka vi ut frå hostelet. Gjekk litt i gatene og slappa litt av og bada litt på lagoonen:) Tok bussen til Michael då vi fekk bu der siste dagane :) Då gjekk vi saman med eit par kompisar av han, opp gjennom regnskogen - utan sti og fullt av wait-a-whiles (som er lange tynne greiner med torner og kan hekte seg til huda)! Fekk litt jungelfølelse då! hehe.. Men var absolutt verdt det når vi kom opp til toppen, for der var det ein liten kulp med eit fossefall - virkelig idyllisk! Bada litt der før vi gjekk til ein annan badekulp:)
Heime med Michael igjen lagde vi tacos til heile gjengen, sidan vi var så heldige å få bu med dei. Satt ute på uteplassen og åt maten og litt champagne som vi fekk med mora :) Seinare tok vi turen til Sam, som er kompisen til Michael.

Søndag 04. Oktober
Søndagen var siste dagen og det var faktisk ganske trist å tenke på, for hadde hatt det så utruleg bra i Cairns! Og spesielt hos mora til Michael for der kunne ein verkeleg føle seg heime :)
Brukte dagen til å ta skyrail (gondolbane) opp gjennom regnskogen og til hippiebyen Kuranda! Fantastisk flott natur på vegen opp! Og byen var fylt av små marked :)
Michael henta oss seinare og då fekk vi vere med å sjå på han og kompisane spele Dutchball (også kalt kanonball). Svært komisk for oss, sidan vi stort sett har kanonball som oppvarming, medan her var det seriøs speling med eiga bane, dommar og poeng, hehe ;)
Etterpå bada vi i ei elv som ligg like ved der Michael bur:) Nabohunden til Michael vart også med, og han vart eg virkelig kompis med! :D
På kvelden vart det speling av Nintendo 64! Hadde ikkje trudd det skulle vere ein av tinga eg skulle gjere i Cairns, men det var kjempeartig uansett :)
Måtte legge oss tidleg sidan vi reiste 05.30 morgenen etter!

Har vore ein heilt ubeskriveleg flott Spring Break!! Og det var veldig artig å få vere med på ting som andre turista kanskje ikkje hadde fått gjort :)
No er det tilbake til skulerushet igjen! Berre 4 veker igjen til skulen er over! Har allereie alt for mange oppgåver å tenke på, så må vel berre sette i gang :)

Klem :)

mandag 6. oktober 2008

Spring Break!

Da har eg komt tilbake frå en av dei beste feriane eg kan huske!! Eg, Ingvild, Josefin og Mia reiste nordover til Cairns for heile 10 daga, og det var heilt fantastisk!
Budde halve tida med naboen vår Michael som kjem derfrå :) Så vi fekk helse både på mora og faren hans ;) Mora var faktisk i Norge i -84, då ho reiste rundt i Europa, så ho hadde masse artig å fortelle om det :)
Vi har hatt noko å oppleve kvar einaste dag! Men skal legge ut skikkeleg referat seinare! Akkurat no har eg ein del skulearbeid å ta igjen - to innleveringar i morga, og den eine har eg så vidt starta på!
Været er heilt suverent, både i Cairns og her i Brisbane.. Rart å tenke på at det er oktober og at det berre vert varmare og varmare! I dag var det nesten ulevelig varmt å gå inn til sentrum! Medan heime nærma det seg vinteren!
I morga skal eg få tid til litt skikkelig blogging :)

Klem