onsdag 8. oktober 2008

Fredag 26. September
Fredagen var avreisedagen, og det var siste innspurt med innleveringane til to av faga! Men dessverre vart kun den eine ferdig. Men etter ein lang dusj og litt pakking var eg kjempeklar for Spring break!!
Vi fire reiste med fly i 9-halv 10 til Cairns, der Michael kom og henta oss :) Vi fekk i oss litt nattmat og fekk også sjå utsikta over Cairns fra ein stoppeplass opp i fjellsida :)
Michael var aleine heime første dagane, så det var supert å få bu der i leiligheita nokre netter!

Laurdag 27. September
Laurdagen var Michael på jobb, så vi tok bussen inn til sentrum. Ikkje stort der, skikkelig avslappande å vere der, og så hadde dei ein diger lagoon ved sjøen, der en kunne ha piknik på marka, sole seg på stranda eller bade =)
Gjekk for det meste å vindaugsshoppa litt og vart litt kjent med byen, før Michael var fedig. Då tok vi bussen tilbake. På ettermiddagen grilla vi på den kjempefine uteplassen der! Seinare besøkte vi Matt, naboen hans (han som bur sammen med Michael i Brisbane). Deretter tok vi ein liten tur ut på byen:)

Søndag 28. September
Søndagen var det klart for roadtrip! Men først kjørte Michael innom faren hans som hadde babyshower. Veldig artig å få møte han og familia!
Så reiste vi nordover og stoppa på ymse nydelige strende! Stoppa i Port Douglas der vi åt litt, og gjekk inn i den mest fantastiske regnskogen noken sinne! Der fekk vi bada i en nydelig badekulp også! :D skikkelig kontrast til brisbane - natur og frisk luft!
På kvelden reiste vi fire sørover med buss. Tok med oss det viktigaste frå kofferten og reiste til Mission Beach. Der budde vi på eit veldig greit hostel :) - sjølv om vi delte rom med tre andre gutar..

Mandag 28. September
Mandagen hadde vi den mest avslappande dagen på heile turen. Vi låg berre å chilla på stranda! :D Var heilt fantastisk! Perfekt badetemperatur og nesten berre vi som låg der! Tok også turen opp til "den virkelige mission beach" men den var mykje mykje skitnare enn den som låg nærast hostelet, men det passa oss eigentleg fint :)
Tok ein roleg kveld på hostelet med litt seriøs UNO-speling ;)

Tysdag 29. September
Tysdagen sto vi opp kl. 05.00! Då gjekk vi ned til stranda og såg den mest fantastiske soloppgangen! Ubeskrivelig.
Etter litt frokost tok vi den kulaste båten over til Dunk Island - båt taxi med dunkane pop musikk, hehe ;)
Utforska litt øya og fann fort ut kva slags strand vi IKKJE skulle ligge på, der var nemleg stadar med digre fluger som flokka seg rundt oss og beit skikkeleg hardt! Men fann til slutt ei fin strand som vi vart verande på. Vart ikkje like mykje bading her då det var farlege brennmaneter i vatnet.
På ettermiddagen tok vi bussen tilbake til Cairns :) Åt litt mat på lagoonen der, og då fekk vi oppleve noke av det sprøaste eg har sett! Heile himmelen var fylt av hundrevis av flaggermus! DIGRE flaggermus, som tok den daglege turen frå grotta og til ulike frukt tre (fruit bats, so dei kalla flaggermusene).
Fekk overnatte med Michael, og då traff vi mora hans, som var utruleg koseleg og gjestfri!

Onsdag 30. September
Onsdagen vart det mest avslapning. Sjekka oss inn på eit hostel i sentrum og gjekk litt rundt i gatene før vi tok turen til Palm Cove som er ei strand litt nord for Cairns. Enda ei nydeleg strand! Men var litt vind denne dagen, så vart ikkje så mykje bading. Dessutan må eg innrømme at når det i Cairns er fareskilt om krokodille så var det ikkje så veldig fristande å bade berre nokre få mil nordfor. Men kunne ikkje klage på temperaturen og sola uansett, var shortsvær heile turen, og ein kunne helst gått i bikini 24/7 på grunn av det tropiske klimaet.
På kvelden vart det gratis middag på Whoolshed som er ein utestad i sentrum. Tok tidleg kveld då vi skulle tidleg opp dagen etter!

Torsdag 01. Oktober
GREAT BARRIER REEF!! Torsdagen var det klart for båttur ut til det berømte Great Barrier Reef! Båten var ikkje av den største, men instruktørane var kjempe artige og flinke så det vart ein knall tur! Eller, kan vel seie at turen ut var litt for heftig! Været var ikkje på det beste på vegen ut så bølgene var veldig høge og båten gynga til alle kantar! Så naturleg nok spydde halve båten om kapp, inkludert meg, hehe, men vi såg positivt på det og telte til 3 før alle sette i gong ;) Stakkars instruktørane måtte ta posane og gi oss nye ;)

Vel ute på sjøen klarna himmelen og det vart nydeleg vær! :) Hadde litt problem med å kome meg ut i vatnet då eg var svært kvalm, men så snart eg hadde komt meg uti vart alt bedre! Første turen ut i vatnet var kun snorkelling, men eg hadde aldri prøvd det før, og med min vannskrekk hadde eg verste panikken! Kvar gong eg tok haudet under vatnet hyperventilerte eg og måtte ta haudet opp for å "puste", men etter kvart klarte eg å innsjå at eg med snorklemaske faktisk KUNNE puste under vatn, hehe.. Og når eg svømte der ute over revet, så var det berre ubeskriveleg fantastisk å sjå på alt som var der under! :D

Neste tur ut i vatnet var introduksjon til skubadiving! Må innrømme eg var litt nervøs når eg fekk på meg alt utstyret, men gledde meg på samme tid, for ville verkeleg lenger ned for å svømme blant korallrevet og fiskane! Men ting gjekk ikkje heilt som planlagt. Då eg hadde komt meg ut i vatnet og var på veg ned saman med instruktøren fekk eg problem med å blåse ut trykket i ørene, så eg fekk ein enorm øreverk, så vi måtte prøve igjen og igjen for å blåse ut trykket, men til slutt fann instruktøren ut at det var håplaust.. Dei sa at forkjølelse kunne gjere "equalizing" vanskelegare, og sidan eg hadde hatt ganske så sterk forkjølelse veka før var nok dette grunnen. Må innrømme at det var veldig surt å vere SÅ nær og likevel IKKJE få dykke! Men prøvde å sjå positivt på det - eg snorkla enda litt til, og låg på soldekket og naut sola, så kunne vel ikkje klage då :D Dessutan har eg funne ut at eg skal prøve å skubadive igjen når vi reiser til Whitsundey Island! (Det er også ut mot Great Barrier Reef).

På kvelden hadde vi vorte invitert til grillfest på ein yacht til instruktørane. Ganske rart å bli invitert etter at dei hadde sett oss spy, men vi takka no ja uansett :) Vart ein koseleg kveld!

Fredag 02. Oktober
Fredagen var vi også litt inn i gatene, men så gjekk vi til den botaniske hagen i Cairns, og det var utruleg flott der! Digre plantar, merkelege insekt (som ikkje eg var så altfor glade i ;) ) og fantastisk grønt og idyllisk :D
Seinare på dagen fekk vi gratis pizza og øl med dei vi hadde dykka med dagen før :) Avslutta kvelden med å fare på nattmarked (ope frå 5pm til 5am)! Masse artig ein kunne få kjøpt, men vart berre et haudeband for min sin del :)

Laurdag 03. Oktober
Laurdagen sjekka vi ut frå hostelet. Gjekk litt i gatene og slappa litt av og bada litt på lagoonen:) Tok bussen til Michael då vi fekk bu der siste dagane :) Då gjekk vi saman med eit par kompisar av han, opp gjennom regnskogen - utan sti og fullt av wait-a-whiles (som er lange tynne greiner med torner og kan hekte seg til huda)! Fekk litt jungelfølelse då! hehe.. Men var absolutt verdt det når vi kom opp til toppen, for der var det ein liten kulp med eit fossefall - virkelig idyllisk! Bada litt der før vi gjekk til ein annan badekulp:)
Heime med Michael igjen lagde vi tacos til heile gjengen, sidan vi var så heldige å få bu med dei. Satt ute på uteplassen og åt maten og litt champagne som vi fekk med mora :) Seinare tok vi turen til Sam, som er kompisen til Michael.

Søndag 04. Oktober
Søndagen var siste dagen og det var faktisk ganske trist å tenke på, for hadde hatt det så utruleg bra i Cairns! Og spesielt hos mora til Michael for der kunne ein verkeleg føle seg heime :)
Brukte dagen til å ta skyrail (gondolbane) opp gjennom regnskogen og til hippiebyen Kuranda! Fantastisk flott natur på vegen opp! Og byen var fylt av små marked :)
Michael henta oss seinare og då fekk vi vere med å sjå på han og kompisane spele Dutchball (også kalt kanonball). Svært komisk for oss, sidan vi stort sett har kanonball som oppvarming, medan her var det seriøs speling med eiga bane, dommar og poeng, hehe ;)
Etterpå bada vi i ei elv som ligg like ved der Michael bur:) Nabohunden til Michael vart også med, og han vart eg virkelig kompis med! :D
På kvelden vart det speling av Nintendo 64! Hadde ikkje trudd det skulle vere ein av tinga eg skulle gjere i Cairns, men det var kjempeartig uansett :)
Måtte legge oss tidleg sidan vi reiste 05.30 morgenen etter!

Har vore ein heilt ubeskriveleg flott Spring Break!! Og det var veldig artig å få vere med på ting som andre turista kanskje ikkje hadde fått gjort :)
No er det tilbake til skulerushet igjen! Berre 4 veker igjen til skulen er over! Har allereie alt for mange oppgåver å tenke på, så må vel berre sette i gang :)

Klem :)

Ingen kommentarer: