søndag 28. desember 2008

Nesten heime igjen :)

No har eg vore heime i over ei veke. Har vore mykje som har skjedd med tanke på jula så har ikkje fått skrive noke om heimreisa. Men eg kom meg ihverfall heil heim sjølv om det var mykje som skar seg på vegen; Fekk ikkje ta med meg all handbagasjen frå Melbourne og måtte sende det som bagasje, noko som resulterte i ei knust julegåve. Så var airconditionen ødelagt på flyet så hadde maraton i å ta på og av genseren min, flyet frå London var forsinka, men enda verre var Odd sitt fly frå Hovden som var kansellert. Derfor fekk ikkje han møtt meg på flyplassen før han skulle vidare på plattform. Han kom seg likevel på nattbussen slik at han fekk sjå meg morgenen etter, då eg skulle ligge på hotell like ved flyplassen. Men ikkje dette heller gjekk som smurt. Han satte seg på feil minibuss frå flyplassen og enda opp på feil hotell, prøvde å ta taxi derifrå, men taxisjåføren hadde manglande retningssans og kjørte til to hotell før han fann det rette. Men når alt dette er sagt så var alt gløymd når eg fekk møte Odd! Kjempekoselig å få sjå han igjen sjølv om det berre var ein times tid :) Beste timen på lenge.

Onsdagen, 17. desember, tok eg bussen til Tinn for å besøke mamma. Kjempekjekt å sjå ho igjen, og deilig å endeleg kome "heim"! No har eg vore der i ei og ei halv veke, og både mamma, Per, Merethe, John Øyvind og tante Reidunn har vore her, så det har vore ei kjempetrivelig jul! Var ikkje mykje snø her, men det var heller ikkje mykje som skulle til for at eg vart fornøgd ;)

Gjensyn ;)
Julenøtter :)
Mamma strikka :)
Julemiddagen
Pakka opp gåve :)

Eg skulle eigentleg reise med nattbussen idag, søndag, men fann ut at eg og Merethe skal reise tidleg til Oslo i morga og vere der dagen før vi tek nattbussen på kvelden. Glede meg kjempemasse til å endeleg kome HEIM til Volda! Glede meg til å sjå alle heime. Rekke akkurat å sjå folk før nyttår ;)
Snakkast veldig snart!
Klem :)

lørdag 20. desember 2008

Bilder

Då har eg lagt ut bilder frå siste ferieturen vår, for dei som ikkje har lagt merke til det ;)

Ellers er eg tilbake til gamlelandet! Skal skrive meir om heimreisa og homecoming seinare ;)
Uansett godt å vere heime!

Klem :)

søndag 14. desember 2008

Whitsunday and Frasier :D ... and homecoming..

No har vi hatt den siste perfekte ferieturen I Australia – Whitsunday Islands og Frasier Island!

Airlie Beach

Vi tok flyet saman med Martin, typen til Josefin, til Airlie Beach og møtte svenske jentene våre der J Vart der ei halv veke med stort sett avslapning ved lagoonen.. Det var stort sett det som var å gjere akkurat denne plassen.

Sailing

Så kom høgdepunktet på faktisk heile oppholdet mitt her! Tysdag reiste vi med ein gjeng på 14 stk på seiltur blant Whitsunday Island ute I Great Barrier Reef! Reiste med Southern Cross som har vore med I finalen på Americas Cup! Det var ein heilt fantastisk tur, ubeskrivelig flott å seile ute blant øyane i strålande vær!

Framme ved bauen på seilbåten Southern Cross :D

Første dagen var vi til Whitehaven Beach, noke som kan beskrivast som den vakraste stranda du kan tenke deg! Krittkvit fin sand som gjekk I eitt med krystallklart vatn! Der fekk vi bade og sole oss, men måtte ha våtdrakt då det kunne vere dødelige “stingers” I vatnet. Men det var ein heilt ubeskrivelig opplevelse å berre vere der! Gjekk opp til ein utkikksplass der vi fekk sjå heile stranda og øylandskapet, og igjen, ubeskrivelig flott!

Ein finn ikkje flottare stad, det er eg sikker på!

Whitehaven Beach - himmelen

Vi senka ankeret ved Border Island der vi fekk fantastisk god mat som alle dagane på båten, og satt oppe på dekk og berre prata og kosa oss :) Sov oppe på dekk, eg og Ingvild heilt fremst ved bauen :) Utrulig flott å ligge der å sjå på stjernene meda båten gynga fint..

Neste dag fekk vi snorkle same plass. Det var 10 000 ganga betre enn i Cairns, vi var heilt nære på korallrevet, og vatnet var krystallklart så det var heilt utrulig å berre symje rolig over å berre sjå på alle dei ulike fargerike rev- og fiskesortane. Så seila vi vidare til Hook Island der vi fekk ta snorkling nr. 2. Denne gangen var fiskane det store! Det yrla med nydelige fiska rundt oss, og følte meg nesten som ein fisk sjølv der eg svømte saman med dei, hehe.. Seinare fekk vi også sjå nokre digre fiska på størrelse med overkroppen min, igjen nydelig flotte og så utrulig grasiøse der dei svømte mellom småfiskane! Desse mata vi også :)

Klovnefisk innimellom revet

Fantastisk flott fiskeliv og korallrev under vannoverflata!

Frå Hook Island hadde vi så pass bra med vind, at vi fekk ta storsegling til Black Island, då fekk vi hjelpe til med å både heise og senke seglet, tungt, men veldig gøy! Sidan det var bra med vind fekk vi god fart og seila nesten diagonalt, så vi holdt oss på den så kalla ”safe side” – andre sida var ”suicide” ;) Måtte holde oss faste så vi ikkje trilla av gårde, for vi låg ganske bratt diagonalt med båten!

Crew'e på seilbåten!

Ved Black Island gjekk vi i land og åt litt snacks meda vi satt på stranda og såg på solnedgangen.. Tilbake til båten såg vi store fiska symje rundt båten som vi mata, så overnatta vi på dekk på båten :)

Dessverre var neste dag siste dagen på seilbåten; eg følte eg ALDRI ville til land, for det var berre heilt fantastisk ute på havet! Men vi fekk ein siste snorkle tur ved Blue Pearl Bay, Hayman Island, og dette skal vere ein av dei beste plassane å snorkle, noko som viste seg å vere heilt rett! Korallrevet var heilt fantastisk flott itillegg til at der var tusenvis av ulike fiska som vi svømte saman med, blant anna eit par digre fiska som vi hadde mata nokre daga før, svømte heilt tett innpå dei og kunne faktisk ”klappe” den, heilt utruleg..

Like stor som overkroppen min, minst, og fantastisk flott og grasiøs!

Siste stopp var South Molle Island der vi gjekk til ein look out og fekk sjå utover alle øyane i Whitsundays! Fantastisk flott, men må innrømme det var som ein steikovn å gå opp; trur temperaturen nærma seg 40! Men vi holdt humøret oppe ved å synge songa saman med kapteinen ;)

Tilbake til Airlie Beach vart det avslutning på eit hostel der heile gjengen samlast J


Frasier Island

Eit par dagar etter gjekk turen vidare til Hervey Bay. Derifrå for vi gruppevis med 4x4 bilar til Frasier Island. Det kan nesten seiast at vi kom frå himmelen i Whitsundays, til det stikk motsatte. Uflaksen tok ikkje ende! Vi enda på gruppe med eit engelsk par som visste alt mellom himmel og jord. Difor hadde vi ”god tid” til å stikke innom eit vinmonopol før vi tok ferga. Vi hadde fått streng beskjed om at dersom vi mista ferga så måtte vi vente til dagen etter og betale alt sjølve; det må også seiast at folka på hostelet ikkje eigde service innstilling! Vi var rimelig nervøse når eine av det engelske paret skulle kjøre på eigen hand til ferga. Han hadde nok av stoltheit og sa ikkje frå før milevis unna at han ikkje visste kvar han var. Vi ringte for å høre kva tid ferga gjekk og den hadde gått for eit kvarter sidan! Vi kjørte i full fart, denne gongen rett veg, til fergekaia. Nesten irriterandes heldige var der ei ferje vi kom med! Men denne gjekk til ein heilt annan stad på øya og vi enda med å ta ein ”stipla” veg gjennom øya til stranda – vi hadde berre lov å kjøre på grønne vegar der forsikringa vart dekt. Vegen var av det mest humpete slaget, noko eg eigentleg berre syns var artig, når vi kjører 4x4 skal det vere litt ”off road”, men mindre kjekt var det når vi stod BOMFAST i laus sand! Vi stod nærmare ein tima for å grave og dytte oss laus! Når vi kom til stranda var klokka over 13, noko som betydde at tidevatnet var på veg, og vi hadde ikkje lov og kjøre lenger. Han som kjørte skulle sjølvsagt fortsette og kjøre, men etter mykje høg diskutering fekk vi stoppa bilen ved strandkanten. Venta der ein times tid før vi kjørte stranda til campen – 4 timar etter planlagt. Men på vegen fekk vi sjå det kjente ”ship wreck’e” som er ved stranda, og det var ganske fasinerande å få sjå.

Skipsvraket på Fraser Island

Framme ved campen satte vi opp teltet i dundrande tordenvær og kom oss akkurat under tak før regnet kom! Mingla med dei andre gruppene, men vart stort sett middag og til ”sengs” i teltet klokka 8-9 på kvelden! Campen var så å seie ein pub, og vi skjønte fort at Frasier turen var nokså prega av drikking; Ikkje heilt som vi hadde tenkt oss..

Dagen etter kjørte vi til Indian Heads, ein utkikksplass på øya, veldig fint å sjå innover øya og sandlandskapet, men hadde faktisk trudd det skulle vere meir sand, men det var veldig fin utsikt uansett. Vidare gjekk vi stranda til såkalla ”champaign pools”. Dette skal vere eit slags boblebad mellom steinar og skjær ute mot havet, men grunna ein del regn fekk vi ikkje sjå heile verknaden av bølgene som laga ”boblene”.

Ved Indian Heads, med øya i bakgrunnen. Eigentleg ikkje så store delar som berre er sand.

Reiste tilbake til campen før tidevatnet kom og åt lunsjen ved stranda noko som var veldig fint, og gjengen klarte å vere vennar innimellom, i alle fall med tre andre som var på gruppa; også engelske. Resten av kvelden vart det litt kortspeling og avlapning, men vart nokså bråkete til slutt med alle dei fulle folka så igjen gjekk vi å la oss rundt 9, hehe…

Siste dagen våkna vi til strålande vær, ENDELEG! Åt frokost, pakka saman og tok første stoppen på Eli Creek, som er største ”creeken” på øya. Utrulig idyllisk å gå i vatnet inn i skogen der! Vidare kjørte vi til siste stopp, og også høgdepunktet på øya – Mckensie Lake! Fantastisk klart ferskvatn! Bada og kosa oss der eit par timar før vi kjørte til ferga – denne gongen ein time i forvegen ;)

Stranda var hovudvegen ;)

Største havskilpadda eg har sett!

Gjengen frå firhjulstrekkaren vår :)

Vi hadde stort sett vore venna før det skar seg igjen i Hervey Bay. Vi hadde vorte fortalt at vi skulle fylle luft i dekka så snart som råd når vi kom på normale vegar igjen. Vi kjørte forbi fleire stadar der ein hadde moglegheit til dette, og vi prøvde konstant å få han engelske til å stoppe. Men han var fast bestemt på å kjøre til ein bensinstasjon. Vi prøvde å fortelle han at vi ville ikkje betale for nye dekk fordi han ikkje ville høre på oss, og det endte med at han smelte av og kjefta på oss uten stopp, stort sett for å fortelle at det var dei to andre som hadde kjørt bilen som i så fall hadde ødelagt bilen, og fortalte alt dei hadde gjort feil og sa til å med ”I know a lot about car, and stuff”, hehe.. det hørtes lovandes ut ;) Må innrømme at det heile vart litt komisk. Vi leverte bilen og alt gjekk bra med bilen, så når vi kom til hostelet igjen gjekk vi fint kvar for oss ;)


Noosa, Brisbane og avreise

Stranda i Noosa :D

Dagen etter for vi lykkelige frå Hervey Bay. Plassen var ikkje heilt som vi hadde tenkt oss ;) Eg og Ingvild tok en snartur innom Noosa og sola oss litt på stranda før vi kom ned til Brisbane (onsdag kveld). Overlykkelige for å vere i leiligheita vår igjen, hehe.

Var ein heilt fantastisk ferie, og frasier Island var tross alt ein veldig fin plass, hadde vi berre hatt litt meir flaks med oss.. Men Whitsunday Island var berre så fantastisk flott, at eg kan ikkje seie anna enn at det var ein PERFEKT ferie!

Resten av veka – SISTE VEKA (!), budde Josefin, Mia, Martin og Linn (ei venninne av Mia) i leiligheita vår J Koselig at heile gjengen var samla før vi reise frå kvarandre!

Fredag hadde vi Santa Lucia feiring med kvite kle, glitter og song ;) I går laurdag hadde vi avslutningsmiddag i Queenstreet noko som var veldig koselig J I dag sa vi hadet til svenskane våre! Det var ufattelig trist sjølv om vi veit vi sjåast snart igjen; har allereie planlagt å kome til sverige når dei har midtsommar fest :D Elles sa vi hadet til Michael og Jacob, også veldig trist :l

Santa Lucia :)


No har eg alt pakka og klart, og leiligheita er vaska. Rimelig klar for å ta av i morgatidlig! Sjølv om eg er veldig trist for å forlate Australia, så glede eg meg heilt vanvittig mykje til å kome heim til alle dokke heime! Kan ikkje feire jul utan snø og familie ;) og glede meg så masse til å møte Odd på flyplassen!

Vi snakkast VELDIG snart ;)

Stor klem frå homecoming Hill ;)

fredag 28. november 2008

Airlie Beach

Da er eg i Airlie Beach som ligg rett ved Whitsunday Islands! Har hatt nokre fine dagar no med avslapning. Er faktisk ikkje saa mykje aa gjere her i Airlie Beach, saa vi har mest slappa av ved lagoonen og bada :) Vore litt skya, men har klart aa vorte litt solbrent likevel ;) I gaar gjekk vi langs promenaden og hamna; veldig fint aa sjaa ut mot sjoen, aat lunsj ved ei av strendene ogsaa :) men vi kan ikkje bade i sjoen for det er "stingers season", desse er saa smaa at ein nesten ikkje kan sjaa dei og dei kan brenne deg som ein brennmanet trur eg, men er enda farlegare, ein kan bli paralysert. Er ogsaa sjanser for krokodiller her visst nok, saa eg held meg fint paa land :)

Men tysdag reiser vi ut paa tredagers seiltur! Gleder meg! Daa kan vi snorkle ut ved revet, sidan vi har stingers-suit; heildekkande drakt, saa daa er vi trygge :)

I dag er det litt regn saa vi proever aa ordne litt praktisk. Skulle soeke paa fag til vaaren, men sjoelvsagt hadde eg gloeymt aa fjerne faga eg soekte paa i Volda denne hausten! Saa har ikkje moglegheit til aa faa soekt paa dei no! Haaper eg faar hjelp snart, for soeknadsfristen er mandag! Men regnar med det gaar bra med litt utsettelse sidan det har vorte misforstaaelsa paa nettsida. Har iallefall faatt soekt paa bachelor :)

Ellers ser eg at eg har svaert lite pengar igjen, for eg har feilberegna maanadane, i tillegg til at eg trudde depositumet ville dekke siste leiga paa leiligheita noko den daa IKKJE gjer. Eg hadde allereide bestilt denne turen, men ser der er diverse ekstrautgifter som reef-taxes og ein rimelig dyr bussbillett soerover igjen! Eg faar berre bruke minst mulig pengar! Treng tross alt litt naar eg kjem til Brisbane, og til Norge!

Nei, daa maa eg stikke igjen. Sjoelv om eg har knapt med pengar saa har eg det veldig bra! Kan ikkje klage naar eg er i Whitsundays! No regnar eg med vi skal til hostelet vaart igjen. Har skifta litt paa hostela, men alle har vore VELDIG bra! :D Bortsett fraa at doen vaar ikkje verkar no, hehe :)

Vel vel.. snakkast igjen snart!
Klem :D

tirsdag 25. november 2008

Pakkings

Da har eg begynnt pakkinga til heimreise! Fekk sortert alt, og funne ut kva som skal sendast i Cargo, kva som skal kastast, kva som skal i handbagasjen og kva som skal i kofferten. No er rommet nokså klart for å berre hive med seg tinga. Einaste eg har igjen er tinga eg tek med til Whitsundays :) Var ganske kjekt å få gjort unda det meste med pakkinga, slik at vi kan slappe av meir på tur :) Men må innrømme eg vart ganske melankolsk når eg såg rommet midt i flyttinga. Ganske tomt, så no er det verkeleg ikkje lenge til eg reiser! Fy, det er rart.

Kofferten min som antakeligvis vert altfor full og altfor tung!
Cargo og søppel!

Tomme tomme rommet mitt!

mandag 24. november 2008

Siste ferien!

Helga har vore nokså kjedelig sidan det ikkje er mykje kjentfolk igjen i Brisbane! Men søndagskveld kom Martin, typen til Josefin, heilt frå Sverige for å bu med oss som han ikkje ein gong kjenner ;) Han skal vere med oss nokre dagar før vi reiser i lag nordover for å møte Mia og Josefin.

I går, mandag, gjorde vi ikkje mykje spennande. Eg og Ingvild hadde ein del å ordne no som det snart er heimreise! Fann ut at vi både må sende cargo, ordne papir, betaling og vasking av leiligheita, og hente skulearbeid og karakterar ETTER ferieturen vår! Då er det antakeligvis berre få dagar igjen til avreise, så må innrømme eg er ein smule stressa!
Eg og Ingvild fekk også kjøpt ein bag som vi skal bruke til cargo. Skal prøvepakke i dag for å sjå kor mykje eg faktisk må ha i handbagasjen. Har ein mistanke om at den kjem til å vere rimelig tung! Får satse på at vi har nok tid til alt vi skal ordne når vi kjem tilbake til Brisbane. Vil ikkje stresse sidan det er siste dagane vi er i Brisbane..

Vel, fekk også tid til litt sightseeing i går, så Martin fekk sjå både skulen vår, South Bank parklands og byen (Queen Street ;) ). Gjorde litt shopping der før vi gjekk tilbake å slappa av. Var hos Michael og Matt på kvelden. Skal besøke dei i dag også, og det verte kanskje siste gong vi ser dei :/ Mulig at Michael er her når vi kjem tilbake til Brisbane, men då vert det sjølvsagt berre hei og hadet med tanke på alt vi har å ordne.. Veldig trist å tenke på!

I dag skal vi til Surfers ein tur, ser ut til å vere litt overskya i dag, men likegreit det - i går va det skyfri himmel og det var nesten ulevelig varmt!

I morga reiser vi til Whitsunday Islands! Blir deilig å reise vekk for då veit eg at eg får slappe av. Når eg er her i Brisbane tenker eg berre på alt som skal ordnast!
Heldigvis er Josefin og Mia der allereide. Har ikkje snakka mykje med dei, men slik eg har forstått har dei booka hostel for heile gjengen :) Michael syns akkurat det var ganske rart, for no er det skulefri for alle, og både i surfers paradise, og opp i Airlie Beach dit vi skal er det fullt i såkalla "Schoolies" som feirar skuleslutt (berre 12-17 åringar som drikk seg fulle, så ganske tragisk eigentleg). Men då skal det visstnok vere fullbooka på alle hostel, men kanskje vi har vore svært heldige :)

Blir ved Airlie Beach til Tysdag faktisk, for då har Josefin og Mia booka seiltur der! Har faktisk ikkje mykje aning om kva opplegget er, men skal vere ein til saman 9-dagers pakketur dei har bestilt til 725 dollar. Litt over 3000 kroner. Då skal det vere 3-dagers seiltur ut i whitsundays der det er muligheit for å snorkle, og nokre dagar på Frasier Island der vi skal campe og kjøre 4wd! Men det er eigentleg alt eg veit til no ;)

Fann ut at dersom vi skal på ein 9-dagers tur frå tirsdag vil vi ikkje vere ferdig før 11 desember! og etter det skal vi innom Noosa på Sunshine Coast for å få med oss Australia Zoo. Trur akkurat det må bli ein snar visit, sidan det då berre er 4 dagar igjen til avreise!
Så no er det ihvertfall IKKJE lenge igjen til eg kjem heim! Berre ein liten ferietur så er eg plutselig tilbake ;) Akkurat no må eg innrømme at eg syns det berre er trist å skulle reise frå Brisbane, alle folka og alt som er å sjå.. Dei dagane no før whitsunday vil vere dei siste dagane her i Brisbane der eg faktisk føle meg heime.. Når vi kjem tilbake er det berre å begynne å pakke saman rommet mitt..

Men, det vi har funne ut no, noke som gjer heimreisa litt kjekkare, er at vi har funne ut vi har 8 timar i Melbourne og 6 timar i London på vei tilbake, så då har vi bestemt oss for at vi SKAL kome oss ut til byen, ihvertfall i London! Vi fann ut at vi kjem halv2 til Heathrow, og hal3-3 har vi kanskje komt oss ut av flypassen, og viss vi skal vere der eit par timar før avreise igjen, altså kl 6, så har vi kanskje heile 3 timar til ein rask sightseeing gjennom London by!! Det hadde vore heilt utruleg!

Nei, nok babl, eg får vekke dei andre her.. Klokka er snart halv 12, så er vel på tide å ta toget sørover skal vi få noke tid på Surfers..

Klem :)

fredag 21. november 2008

Juleferie :D

Da har eg fått unda nesten all juleshoppinga, og i dag var det full avslapning!

Tysdag holdt vi oss inne, for då var det ekstremt vær ute! Regna i eitt sett, i tillegg til vind. Eg og Ingvild gjekk likevel på butikken for å handle mat, men det var det einaste vi var ute ;) Fekk vite dagen etter at det hadde vore storm her, og at nokre hus i nærheita her hadde mista taket! Men no begynne det å bli bedre vær, kan ikkje risikere og ha dårlig vær siste vekene! No er det faktisk dårlegaste været som har vore sidan 1970! Typisk ;)

Onsdag var været mykje bedre, men då reiste vi til Outlet litt utanfor Brisbane. Masse bra merke til veldig bra pris! I går var vi også på juleshopping, men ut i Queenstreet. I går vart eg så godt som ferdig me julegavene faktisk!

..Såå.. i dag ville vi ta ein REIN avslapningsdag, så vi reiste sørover til Surfers Paradise. Møtte faktisk på ein vi vart kjent med på Byron Bay turen i begynnelsen av semesteret! Vi har planlagt å finne på noke gjennom heile studiet her nede, men det har aldri vorte noke av, så det var nokså tilfeldigheit no like før han og vi reise at vi møtte på kvarandre, PÅ toget, SAMME tid, SAMME vogn, hehe :) så er han frå ålesund også, så det er sagt :) Vi vart pratandes på toget nedover, og eg og Ingvild klarte å gløyme å gå av på Surfers Paradise, så vi vart med han til Reileigh Heads, ei strand litt nedanfor sjølve Surfers. Mykje rolegare her så det var fint å ligge der å slappe av :) Eg og Ingvild prøvde å få litt brunfarge, medan Peter (som han heiter) surfa :)

Ellers er det lite som har skjedd.. Prøver å gjere alt praktisk ferdig no, for søndag kjem typen til Josefin, og blir buande med oss nokre dagar sidan Josefin og Mia er reist nordover. Eg, Ingvild og Martin tek flyet til Whitsunday onsdag for å møte svenske jentene våre :)

Ja.. og sei frå visst det er noke dokke vil eg skal kjøpe med meg heim ;) Men det må seiast at alle gåvene eg har kjøpt veg ein del allereide, så med alt eg har kjøpt til meg sjølv verte vel kofferten sann ca.. hmm.. dobbelt så tung? så JA, Cargo..

No er det natta.. Sola tar på ;)
Klem

Klem :)