mandag 24. november 2008

Siste ferien!

Helga har vore nokså kjedelig sidan det ikkje er mykje kjentfolk igjen i Brisbane! Men søndagskveld kom Martin, typen til Josefin, heilt frå Sverige for å bu med oss som han ikkje ein gong kjenner ;) Han skal vere med oss nokre dagar før vi reiser i lag nordover for å møte Mia og Josefin.

I går, mandag, gjorde vi ikkje mykje spennande. Eg og Ingvild hadde ein del å ordne no som det snart er heimreise! Fann ut at vi både må sende cargo, ordne papir, betaling og vasking av leiligheita, og hente skulearbeid og karakterar ETTER ferieturen vår! Då er det antakeligvis berre få dagar igjen til avreise, så må innrømme eg er ein smule stressa!
Eg og Ingvild fekk også kjøpt ein bag som vi skal bruke til cargo. Skal prøvepakke i dag for å sjå kor mykje eg faktisk må ha i handbagasjen. Har ein mistanke om at den kjem til å vere rimelig tung! Får satse på at vi har nok tid til alt vi skal ordne når vi kjem tilbake til Brisbane. Vil ikkje stresse sidan det er siste dagane vi er i Brisbane..

Vel, fekk også tid til litt sightseeing i går, så Martin fekk sjå både skulen vår, South Bank parklands og byen (Queen Street ;) ). Gjorde litt shopping der før vi gjekk tilbake å slappa av. Var hos Michael og Matt på kvelden. Skal besøke dei i dag også, og det verte kanskje siste gong vi ser dei :/ Mulig at Michael er her når vi kjem tilbake til Brisbane, men då vert det sjølvsagt berre hei og hadet med tanke på alt vi har å ordne.. Veldig trist å tenke på!

I dag skal vi til Surfers ein tur, ser ut til å vere litt overskya i dag, men likegreit det - i går va det skyfri himmel og det var nesten ulevelig varmt!

I morga reiser vi til Whitsunday Islands! Blir deilig å reise vekk for då veit eg at eg får slappe av. Når eg er her i Brisbane tenker eg berre på alt som skal ordnast!
Heldigvis er Josefin og Mia der allereide. Har ikkje snakka mykje med dei, men slik eg har forstått har dei booka hostel for heile gjengen :) Michael syns akkurat det var ganske rart, for no er det skulefri for alle, og både i surfers paradise, og opp i Airlie Beach dit vi skal er det fullt i såkalla "Schoolies" som feirar skuleslutt (berre 12-17 åringar som drikk seg fulle, så ganske tragisk eigentleg). Men då skal det visstnok vere fullbooka på alle hostel, men kanskje vi har vore svært heldige :)

Blir ved Airlie Beach til Tysdag faktisk, for då har Josefin og Mia booka seiltur der! Har faktisk ikkje mykje aning om kva opplegget er, men skal vere ein til saman 9-dagers pakketur dei har bestilt til 725 dollar. Litt over 3000 kroner. Då skal det vere 3-dagers seiltur ut i whitsundays der det er muligheit for å snorkle, og nokre dagar på Frasier Island der vi skal campe og kjøre 4wd! Men det er eigentleg alt eg veit til no ;)

Fann ut at dersom vi skal på ein 9-dagers tur frå tirsdag vil vi ikkje vere ferdig før 11 desember! og etter det skal vi innom Noosa på Sunshine Coast for å få med oss Australia Zoo. Trur akkurat det må bli ein snar visit, sidan det då berre er 4 dagar igjen til avreise!
Så no er det ihvertfall IKKJE lenge igjen til eg kjem heim! Berre ein liten ferietur så er eg plutselig tilbake ;) Akkurat no må eg innrømme at eg syns det berre er trist å skulle reise frå Brisbane, alle folka og alt som er å sjå.. Dei dagane no før whitsunday vil vere dei siste dagane her i Brisbane der eg faktisk føle meg heime.. Når vi kjem tilbake er det berre å begynne å pakke saman rommet mitt..

Men, det vi har funne ut no, noke som gjer heimreisa litt kjekkare, er at vi har funne ut vi har 8 timar i Melbourne og 6 timar i London på vei tilbake, så då har vi bestemt oss for at vi SKAL kome oss ut til byen, ihvertfall i London! Vi fann ut at vi kjem halv2 til Heathrow, og hal3-3 har vi kanskje komt oss ut av flypassen, og viss vi skal vere der eit par timar før avreise igjen, altså kl 6, så har vi kanskje heile 3 timar til ein rask sightseeing gjennom London by!! Det hadde vore heilt utruleg!

Nei, nok babl, eg får vekke dei andre her.. Klokka er snart halv 12, så er vel på tide å ta toget sørover skal vi få noke tid på Surfers..

Klem :)

Ingen kommentarer: