mandag 17. november 2008

Sydney baby!

Ja, no har eg hatt nokre fantastiske dagar etter skuleslutt! I går reiste Silje heim igjen, men eg, Ingvild og Silje hadde ei heilt utruleg helg i Sydney!

Dag 1 - Torsdag 13. november
Vi reiste med fly klokka 8 om morgenen til Sydney. D betydde at vi måtte stå opp 5-halv 6! Men vi var like glade og fornøgde :) Kom til Sydney i 10-11 tida, og då var det berre å sette frå seg sakene på hostelet og ta turen innover til byen. Vi budde nokså nært, så det var berre å gå gjennom George street før vi kom ned til hamna.

Sydney by. Flotte bygningar overalt!

Åt oss litt mat på vegen, og så fekk vi sjå underverka! Nesten framme ved hamna kunne me begynne å sjå dela av Harbour Bridge og Operahuset! Det var ein heilt fantastisk opplevelse! Noko HEILT anna enn å sjå det på bilde! Alt verka så mykje større, og flottare! Gjekk langs hamna og beundra utsikta, og tok sjølvsagt ein del bilete ved operahuset :) Akkurat det var litt morsomt, for vi oppdaga at faktisk VI også var attraksjonar! Merka først at det var ein gjeng bak oss så begynnte å stille seg opp ved sidan av oss og tok bilder. Det var tydelig at vi var "motivet" bak dei, hehe.. Etter det var det heile to andre gjengar som ville ta bilde saman med oss, den andre gruppa hadde ikkje operahuset i bakgrunnen ein gong! hehe. Trudde aldri at det var vi som skulle bli tatt bilde av! ;)

Framfor det fantastiske operahuset!

Her var det nokre asiatiske som absolutt ville ha oss med på bilde;)
så då fann vi ut at vi også måtte få et bilde av dei ;)

VELDIG fornøgd :D

Jentene framfor Harbour Bridge som vi snart skulle klatre på!

Fantastiske Harbour Bridge

Seinare tok vi turen til Bridge Climb office. Der hadde vi booka klatring på Harbour Bridge!! Vi vart ein koselig gjeng på 7, og fekk på oss alt utstyret og litt opplæring før vi starta klatringa. Akkurat dette må seiast å vere ein av dei største opplevelsane eg har hatt! Heilt fantastisk og faktisk klatre på denne brua. Begynnte under brua og klatra opp stigane ved motorvegen og togbana og vidare opp til buen der det var trapp opp til toppen. Sann sett var det ikkje så skummelt for vi hadde godt underlag å gå på, og når det gjekk oppover var det stort sett trapp eller stige. Men så var det også VELDIG høgt ned, så mamma; ikkje noko for deg ;)
Men eg kan ikkje seie anna enn at eg har rimelig høgdeskrekk sjølv, men det gløymte eg heilt når eg fekk sjå den utrulege utsikta over byen, hamna og operahuset! Ubeskrivelig.

Toppen av Harbour Bridge!

Og der sto vi, med Sydney by i bakgrunnen!

Eg med Opera huset i bakgrunnen!

Etter klatringa var vi naturleg nok ganske mørbanka i beina, så det vart berre ein rask middag ute før vi slappa av på hostelet.

Dag 2 - Fredag 13. november
Det vart tidleg opp denne dagen også. Hadde ingen tid å miste, for det er nok av severdigheiter å få med seg i Sydney! Denne dagen reiste vi eit par timar med tog til Katoomba, som er ein liten stad oppe i fjellet. Det er her dei berømte Blue Mountains er! Rusla litt rundt i gatene før vi tok buss vidare til utkikksplassen. Også dette var heilt ubeskrivelig flott! Eit utruleg dal landskap, med spesielle fjellformasjonar med bratte klipper. Så hadde vi sjølvsagt utsikta mot dei berømte "Three Sisters". Fantastisk å berre vere der og ha denne utsikta! Gjekk vidare ned til "søstrene" der vi faktisk kunne gå på ei lita bru over til eine "steinen" eller fjellet. Utruleg høgt ned, så eg holdt meg godt fast til rekkverket ;)

Blue Mountains - The Three Sisters!

Ved kanten av eine fjellformasjonen av The Three Sisters
Stup bratt ned!



Gjekk vidare gjennom regnskogen langs klippene, og så buss og tog tilbake til byen. Vart minimalt med shopping, og gjekk heller ikkje ut på byen som planlagt, for vi hadde no slitne føtter etter både klatring og "bush walk" ;) Så vi hova inn mat og snacks og kortstokk og kosa oss på hostelet i staden :)

Dag 3 - Laurdag 15. november
Siste dagen vår i Sydney, brukte vi på strender og shopping. Var dessverre litt dårlegare vær denne dagen (dei andre dagane var det perfekt vær, sol og varmt). Men likevel tok vi bussen nordover til Palm Beach, kjent for å ha innspelinga av Home and Away (australsk dramaserie på tv 2 for dei som ikkje veit det;) ). Tok nesten 2 timer med buss noko som var litt nedtur, men det var veldig spesielt å faktisk vere der dei har hatt innspelinga av Home and Away! Må innrømme at eg ikkje er den største tilhengaren av denne serien, men kjente faktisk godt igjen stranda og omgivnadane rundt! Sidan eg faktisk gjorde det, syns eg det var på sin plass å kjøpe ein liten suvenir. Så det vart ei t-skjorte som visst nok blir brukt i serien ;)

Dei som ser Home and Away bør kjenne igjen det her!


Vart berre ein snarvisit her (delvis på grunn av dei MILLION flugene som absolutt skulle ha skyss me oss - den kvite veska mi var bokstavelig talt nesten svart av fluger som satt på den). Så tok vi bussen tilbake der vi fekk ete lunsjen vår i fred frå fluger, hehe ;)
Frå byen tok vi enda ein buss til den kjente stranda Bondi Beach. Sidan været ikkje var på topp og vi hadde begrensa med tid før avreise, vart det berre ein kort tur her også. Heldigvis regna det ikkje, så det gjekk fint å gå rundt på stranda :)

Såååå fornøgde :D

Bondi Beach!

Tilbake til byen, hoppa eg av bussen litt tidligare då eg ville ta turen gjennom Hyde Park. Fantastisk fin park! Rusla litt rundt og tok litt små shopping for meg sjølv (blant anna litt julegåver ;) ), før eg møtte Silje og Ingvild igjen. I 6-tida måtte vi forlate hostelet og ta flyet heim. Imponert over at vi klarte å komme over så mykje på så kort tid, men må innrømme eg var nokså sliten når vi kom heim :)

Og så søndag og mandag...
Søndagen var vi til Scarborough Beach, den stranda som er nærast Brisbane. Vi skulle eigentleg ut til Moreton Island, men på grunn av at det var søndag og at vi var litt seint framme, vart det vanskeleg. Men det var deilig å ha full avslapning på stranda! :)

Mandagen var siste dagen til Silje her! Då tok vi turen til Lone Pine Koala Sanctuary. Eg hadde vore der før att med Odd, men var artig å ta turen igjen - får aldri nok av kengerua og koala bjørnar ;)

Vart litt shopping etterpå. Prøver å få unda julehandelen denne veka! På kvelden reiste Silje heim.. Det var litt vemodig :) Har vore kjempekjekt å hatt ho på besøk!

Klem

Ingen kommentarer: