fredag 7. november 2008

BBQ

I dag har eg stressa som berre det! Hadde rettleiing på typografisk design i dag, og sleit veldig med å få ferdig et resultat å vise.. læraren vil alltid sjå "skikkelige" produkt kvar gong. Og gjett kva som skjedde ein time før rettleiinga?? Heile maskina klikka, og eg hadde sjølvsagt GLØMT å lagre arbeidet eg hadde jobba med. Trudde eg hadde lagra noke, men når eg opna arbeidet igjen så var ALT vekk som eg hadde jobba med i dag!! Noko som var veldig essensielt for rettleiinga i dag! Så på knappe timen jobba eg som ein hest for å få ting på plass igjen, og trur eg aldri har vore så rask før! Var heilt svett i henda.

Så var det berre å springe avgårde til West End der kontoret til læraren er. Fant sjølvsagt ikkje kontoret med ein gong, så gjekk som ein luring at og fram, for visste det skulle ligge i nærheita av der eg var, hehe. Kom litt for seint, og var skikkelig nervøs. Regna med eg kom til å få kritikk for at eg ikkje hadde ting klart. Det gjekk ihvertfall heilt fint at eg var litt forsinka, og det gjekk overraskande bra når eg viste han arbeidet! Sjølvsagt visste eg at eg hadde mykje arbeid med å få ting til å sjå bra ut, redigering av arbeidet, og det forklarte eg, men han syns det var ein god ide, kom med litt tips, og trudde det kom til å sjå veldig bra ut viss eg gjorde det skikkelig! :) Vel, å få det til å sjå skikkelig ut, er vel et av dei største problema, men då eg fortalte om ideen min gongen før var han litt skeptisk, så det var veldig kjekt å få "overbevise" han om at d va en god ide :D

Så etter det var eg mildt sagt letta! Rusla heim igjen, og brukte lang tid på matvarebutikken. Det må seiast at eg brukte lang tid, delvis fordi det var ein av dei varmaste dagane her i dag! Hørte det var over 30 grader ein stad her, og skikkelig høg luftfuktigheit! Så dusja i går kveld, men etter eg kom heim frå møtet måtte eg ta meg nok ein dusj, for var heilt fuktig og klam. Deretter møtte eg Josefin og Mia i Queen street og etter 10 minutt ute i sola følte eg for nok ein dusj! hehe, men skal ikkje klage, eg vil heller ta mange dusjar enn å ha det kaldt =)

Vi shoppa inn til BBQ og gjekk til South Bank for å finne BBQ plass (der e fullt i grillar rundt omkring der, med bord og stolar, som folk kan bruke). Men var litt vel optimistiske der på ein fredags ettermiddag, for alle plassane var opptatt, så det endte med at vi holdt BBQ'en oppe på taket vårt :) Då kom Silje og Ingvild også som nettopp hadde komt frå Surfers Paradise. Maria, Steffan, Jacob, Linn, Ida og Berit dukka også opp, så det vart ein kjempetrivelig kveld med berre avslapning :)

I morga er det Uni work så vi seie, og så "Bye Bye Brisbane" på kvelden. Då skal vi samlast heile gjengen på ein gresk restaurant som ei avslutning på skuleåret, sidan mange reiser ulike stadar.. Blir virkelig trist og måtte seie hadet til alle!
Nei, må vel hoppe i seng skal eg kome meg opp i morga!

Natta =)

Ingen kommentarer: