tirsdag 11. november 2008

End of an era!

Ja, no har eg nettopp skreve ferdig ei forklaring på SISTE produktet mitt, altså SISTE eksamenen min! Det betyr at i morga er det SISTE dagen min på skule!! Fyy, eg må seie det er litt trist sjølv om det er kjekt med lang ferie no. Men laurdagen innsåg eg virkelig at det er mange folk eg antakeligvis aldri får sjå igjen, og ting blir heilt annleis no når skulen er over. Sa faktisk til Ingvild etter eg printa ut arbeidet mitt i Typo i dag; "oj, ditte va en bra plass for printing, her ska ej fare neste gong!" - jada.. berre synd det ikkje blir en neste gong da! Viss ikkje eg skal printe ut julekort da ;) Men det så må seiast er at laurdag vart ein kjempe vellykka avslutningskveld :D Åt middag på ein gresk restaurant og etterpå var vi på ein utestad i West End og avslutta på Casinoet i byen! :)

Men må prøve å ha humøret oppe! I morga har vi siste presentasjonen vår og håper eg ikkje får alt for mykje peppar - ganske så kritisk "læraren" vår. Hermetegn kjem av at eg har funne ut at han faktisk ikkje har lært oss noke dette semesteret, vi lærar på eiga hand ved å prøve sjølve. Men skal ikkje klage. Eg lika faktisk faget veldig godt, og synest berre det er greit å sleppe dei timane med introduksjon i Photoshop ;)

Etter SISTE skuledag i morga, så har vi invitert til Pool party, som vi då naturleg nok skal ha ved bassenget på taket vårt :) Ser faktisk ut som det skal bli regn, men vi har heldigvis muligheit til å gå inn då :) Men blir ihvertfall kjekt med ei lita avslutning nr. 2 ;) Men må passe på å ikkje bli altfor seint, for skal ta toget 6-7 om morgenen dagen etter!

Då verte det fly til SYDNEY! Tjohoo ! Blir der til laurdags kveld, og skal prøve å komme over;
- strendene, blant anna Palm Beach der Home and Away er spelt inn
- operahuset, sjølvsagt!
- Blue Mountains
- Shopping og coctail på byen
- Klatring på Harbour Bridge

GLEDA MEG :D:D

Klem

3 kommentarer:

Maria - Lykkelig firebarnsmor sa...

grattis m ferdi skule:) kjeme heim snart du da?? høres kjekt ut:)

Hildegunn down under sa...

Takk for d :D
Kjeme heim 17 desember trur ej.. reise herfrå 15, så he en heil måne her nede til reising å slikt =)
Men blir kjekt å kome heimjen me no!

Anonym sa...

Heia godis
He prøvd og få tak i dej, på telfen men du har vel vore veldi opptatt i Sidney:)
Håpe du har hatt det kjempe kjekt og gler mej til å få høre om det:)

Glade i dej og savna dej masse!!