mandag 6. oktober 2008

Spring Break!

Da har eg komt tilbake frå en av dei beste feriane eg kan huske!! Eg, Ingvild, Josefin og Mia reiste nordover til Cairns for heile 10 daga, og det var heilt fantastisk!
Budde halve tida med naboen vår Michael som kjem derfrå :) Så vi fekk helse både på mora og faren hans ;) Mora var faktisk i Norge i -84, då ho reiste rundt i Europa, så ho hadde masse artig å fortelle om det :)
Vi har hatt noko å oppleve kvar einaste dag! Men skal legge ut skikkeleg referat seinare! Akkurat no har eg ein del skulearbeid å ta igjen - to innleveringar i morga, og den eine har eg så vidt starta på!
Været er heilt suverent, både i Cairns og her i Brisbane.. Rart å tenke på at det er oktober og at det berre vert varmare og varmare! I dag var det nesten ulevelig varmt å gå inn til sentrum! Medan heime nærma det seg vinteren!
I morga skal eg få tid til litt skikkelig blogging :)

Klem

Ingen kommentarer: