torsdag 18. september 2008

Back to the same old..

Da har Odd akkurat reist og er på veg heim til Norge igjen. Utrulig kjedelig, etter å ha hatt han her i 2 veker! Men vi har ihvertfall fått gjort litt medan han var her, sjølv om det dessverre vart ein del skulearbeid.

I helga var vi til Byron Bay! Var der kun frå fredag til laurdag for å ta surfetimar laurdagen! Vart ein kjempekjekke tur, der vi første dagen rusla litt i hippie bygda og vindusshoppa, og gjekk opp til the Lighthouse der austligaste punktet i Australia er. Var mykje betre denne gongen, då været var på vår side. Gjekk ein annleis veg ned igjen også slik at vi enda opp på stranda. Nydelig fint der, og vart ståande å observere folk som dreiv med diverse vannsport :)
Laurdagen vart det surfetime! Tok kurset med same folka som sist vi var der då dei var utruleg flinke instruktørar! Odd fekk sin første surfetime, medan eg gjekk vidare i opplæringa. Men dessverre klarte eg å svelge såpass mykje saltvann at eg måtte kvile resten på stranda. Men var veldig kjekt å sjå på Odd prøve seg da - han klarte no å stå på brettet mesteparten av gongane :)

Nydelig utsikt oppe ved fyrtårnet :)





Ellers har det vore hektisk med å få ferdig prosjekt til både tirsdag og onsdag. Lagde ferdig ein plakat og kampanje for heimlause i Design in Advertising til tirsdag, noko eg fekk ganske grei tilbakemelding på, så blir spennande å sjå kor høg prosent eg får på denne oppgåva.
Til onsdag måtte vi vere ferdig me eit seminar i Creative Thinking, og det gjekk mildt sagt IKKJE etter tidsplanen. Vi stod fast fram til siste dagen, så vi måtte sitte oppe heile natta for å få ferdig eit nokon lunde greit opplegg for klassa. Eg var heilt ødelagde når vi skulle gå til skulen 09.00 om morgenen. Seminaret skulle holdast første timen, så eg kan vel seie at eg ikkje huska stort av kva som skjedde, og korleis det gjekk med heile opplegget. Men det vart gjennomført, og om eg ikkje huska heilt feil klarte vi å gjennomføre eit nokså heilheitleg seminar.

I går, torsdag, var eg og Odd skikkeleg turistar sidan det var siste dagen hans! Det første vi gjorde var å ta sightseeing cruise gjennom Brisbane River, og fekk sjå mykje meir heilheita av byen, og forskjellige attraksjonar ved elva. Sjølv om det var litt overskya var det ein veldig koseleg tur :)
Etterpå var det rett på bussen til Lone Pine Koala Sanctuary som ligg halvtime-timen frå byen. Det vart kjempesuksess! Koalane var nokså våkne, så det vart veldig underhaldande å sjå på desse små søte bamsedyra labbe og klatre her og der :) Var også ei avdeling med mamma-koalaer der vi kunne sjå babyen anten henge på ryggen, eller i armkroken til mora - heilt utruleg søte dyr. I tillegg til koalaer, var vel kengeruane også eit høgdepunkt! Det var flokkevis av dei og alle like tame og oppmerksomheitsjuke ;)
Ellers var der litt andre dyr som slangar, wombats, fuglar og dingoar.

Story Bridge


Brissy <3


Reiste heim i 6-tida og då var det berre å få seg litt mat før vi gjekk til ein pub inne i byen. Der møtte vi Linn, Berit, Ida og nokre andre norske jenter, heile puben var vel berre norske, då det var norsk quiz kveld. Ganske artig quiz, sjølv om vi klarte å havne på SISTE plassen. Hehe, men eg trur vi var nokså gode taparar :)
Etter quizen var puben opna for alle og det vart karaoke. Fekk ikkje sunge, men det var minst like artig å høre på alle dei andre som song! :)

I dag var det vel litt hardt å stå opp. Men måtte hive oss rundt, og både pakke og ete, før eg fylgte Odd til toget. Vart dessverre litt hastverk, sidan toget kom med ein gong vi hadde komt til plattformen :/ Fekk i det minste seie hadet, men trist å tenke på at det er heile TRE månadar til eg skal heim!

Eg får vel berre prøve å hive meg rundt i aussie-moduset igjen og nyte tida som er igjen her. Men eg gleder meg uansett masse til å kome heim til alle heime, og har faktisk allereie litt julestemning, fordi eg veit det er i dei tider eg kjem heim :) Har nynna litt på Ave Maria i det siste ;)
Nei no må eg kvile haudet litt - har fått ein liten forkjølelse etter våkenatta tidlegare i veka, så må kvikne litt før eg setter meg ned me haugen av skulearbeid...
Kryss fingrane for at eg klarer å få ferdig prosjekta mine til Spring Break! Då reiser vi rake vegen til CAIRNS - GREAT BARRIER REEF :D

Klem

Ingen kommentarer: