mandag 8. september 2008

australsk fotball, stradbroke island og shopping :D

No har det gått vel ei halv veke sidan Odd kom! Og vi har fått gjort litt dei siste dagane. Har rett nok måtta konsentrert meg ein del om skule, men vi skal nok få tid til å sjå litt her :)
Har fått vist han litt rundt både i Paddington, West End, South Bank og sjølve byen (eller stort sett Queen Street på den sida;) ).

Fredag var vi for første gong på australsk fotball på stadion her - diger stadion og kjempemasse liv, for det var siste kampen til ein av dei kjente spelarane i Brisbane sitt lag; Broncos. Broncos vann med fleirfoldige mål, så kampen sitt utslag var vel nokså sjølvsagt, men var uansett spennande å sjå denne typen fotball - her får dei både sparke ballen og kaste den.. kan vel seiast å vere ei blanding mellom fotball og rugby.
Etter kampen gjekk vi til Mia og Josefin. Michael og Jacob, som er naboen og kompisen hans, var også med :)
Prøvde å ta litt tidli kveld, men vart litt uventa tur heim! Rett før brua til South Bank såg vi ein fyr som vart slått til og slengt i bakken! T-skjorta var tydeligvis reven av eller noko, og medan han låg på fortauskanten, halvvegs inni kjørebana full i trafikk (!!), sparka dei han både i magen og hovudet! Det var så sjukt ekkelt! Michael kan veldig bra "sjølvforsvar" eller kampsport, så han torte å springe bort til gjengen som angreip han. Det var likefør dei slo til han også, men så gjekk dei. Så hjalp vi fyren som låg nede og halvvegs bevisstlaus og ringde politiet.
Vart ein veldig dramatisk kveld, men trur fyren klarte seg bra.

Natt til laurdag vart det vel knappe 3 timar søvn, før det var opp og stå og på toget. Då reiste eg, Odd, Ingvild, Mia og Josefin til Stradbroke Island for ein dagstur! Tok ca. 2 timar å kome seg til den nordre delen av øya ved stranda og look outen, inkl. tog, buss og ferge.
Øya og stranda var fantastisk fin! Ganske lite folk også så det var herlig og berre ligge å slappe av på stranda! Bølgene var vanvittig høge, så det var stort sett surfera ut på sjøen. Etter litt strandliv gjekk vi oppover ei ås så vi fekk utsikt over havet. Var så heldig å få sjå fire delfina hoppe synkronisert i lag ute i bølgene :D
Reiste vel heim i 6-tida på ettermiddag. Temperaturen og sola var svært bra denne dagen, så vi fekk alle litt farge - høre med etter ein dag på stranda :)
Laurdagskveld vart avslapning opp med Mia og Josefin med heimelaga pizza :D

Nettopp komt over med ferga til Stradbroke Island!
The Beach

Mektig store bølger! Berre sjå Odd på bilete!

At the view point


Søndag vart det litt skulearbeid, men sov ganske lenge etter ei harde helg med lite søvn! På kvelden gjekk eg og Odd ned til South Bank og tok pariserhjulet som nettopp har komt opp der! Det var kjempestas! Fekk med litt av solnedgangen og utsikt over byen. Odd trudde pariserhjul var ganske kjedelig, men han ombestemte seg fort der ;)
Etterpå for vi på ein veldig bra indisk restaurant på West End og åt middag :)

Pariserhjulet ved Brisbane River!
Utsikta bak meg, heldige å få med litt av solnedgangen :)
Odd som aldri trudde han ville like pariserhjul;)
Nydelig utsikt frå toppen av pariserhjulet!


I dag, Mandag, skulle eg og Ingvild så svært på biblioteket og stupe ned i skulearbeidet, men eg tenkte eg først skulle ta ei rask shoppingrunde i Queen Street, og deretter vise Odd the Botanic Garden i enden av bydelen, før biblioteket. Men det enda opp med at vi tre gjekk på shopping frå 11 til 17.30! Fekk ein time på biblioteket, men det skulle vel helst vore omvendt, og Botanic Garden må vi ta igjen ein annan dag.

Uansett - godt fornøgde med shopping dagen! :D

På kvelden kom Mia og Josefin på besøk. Vart berre litt småprating før dei reiste heim igjen, men kos det :) No er klokka snart 12 på kvelden, og som vanleg er det i desse tider Michael kjem over og seier hei. Men har fått sove skikkeleg to netter, så skal vel klare meg med nokre få timar i natt.

Har forresten funne ut at eg har ein GOD del arbeid å få unda no både før Odd reise og før Spring Break, så det er litt kjedelig. Har lyst å ha mest mogleg tid til alt anna enn skule, men slik er det vel alltid. Men i helga må eg nesten ta meg fri. Har lyst å ta ein liten tur med Odd, så da reiser vi antakeligvis ein liten tur til Byron Bay, for surfe timar og strandliv :D satsar på bra vær denne gongen! Litt usikker på kor lenge vi skal vere der, men verkar som det ordnar seg med surfe timar, for eg har tatt kontakt med dei eg hadde surfe time med sist eg var der :)

Klem

Ingen kommentarer: