onsdag 22. oktober 2008

Været og anna interessant ;)

Ok, no har eg visst lagt til side skulearbeidet litt, kanskje på tide sidan klokka er 23.27 her no, men kan benytte anledninga til å blogge litt ;)
Skal vi sjå, etter Cairns har det faktisk skjedd ganske lite. Har hatt fullt opp med innleveringar, sitte no med 4 prosjekt som skal vere ferdig på 2-3 veker! Men det ordna seg :) Har ikkje berre sitte inne med skulearbeid heller... Har hatt noken kjekke filmkvelda me Josefin og Mia .. Laurdag spelte vi faktisk litt fotball også! Gjekk ikkje så bra for min sin del, men kjekt var det ;)

Har også vore på kjendisparty, noke som var veldig suksess :D Dokke kan no tippe kven eg skulle forestille ;)
Har også vore på BBQ party nede ved South Bank; der er fleire grillplasser der ein kan samlast ein heil gjeng - veldig kos :)

Kjendisane hos Linn, Berit og Ida i West End :)

Hmm.. ellers er her begynnt å bli mykje varmare! Allereie på veg til skulen 08.00 om morgenen er det alt for varmt med bukse og genser.. til og med t-skjorte blir for varmt! Men etter skikkelig solskinnsdaga bruka været å skifte heilt om på kvelden! I går gjekk eg ute og tok bilder å ante fred og ingen fare, sola skein og alt var fint.. men plutselig bak meg ser eg mørkaste skyane sige fram! Eg skjønte med ein gong at det skulle bli ekstremt vær, så eg gjekk radigt heim for å sleppe unna regnet. Då eg hadde komt meg eit par blokke unna leiligheita slår lynet ned rett framfor meg (ehm, eller rettare sagt eit par kilometer unna kanskje ;) . Men må seie det var litt skremmande å gå ute når eg hørte kor det braka å lyna! Akkurat i det eg kom under tak begynnte det å regne og det var seriøst digre regndråpar! Følte meg bra heldig då når eg kom meg inn før det verkeleg vart gale :) betre å stå frå verandaen å sjå på været enn å gå ute i det ;)

Været i Brisbane :) her tordna det skikkelig! Men klarte ikkje knipse det - var litt for opptatt med å skynde meg heim ;)



Ja, så kan eg vel også innrømme at eg har vorte ein smule meir ufornuftig her nede! Eg har ein del problem med å spare pengar til australia turane etter skulen, sidan det kostar ein del å bu her, men kan vel ikkje seie anna enn at det er delvis min feil også, for mandag vart det booking av kostyme til Halloween og samme dag shoppa eg meg nye sko, høghæla sko, men rett nok på salg da :) Men eg og Ingvild, som også kjøpte seg sko, tok dei på før vi handla mat, og berre den 20 minutts turen heim var nok til at føttene mine måtte ha seriøs pause! Endte opp med nok eit par gnagsår :P
Mi ufornuftig lange skorekke! Kor mange sko trur du eg bruka?

Hmm.. noke anna nytt? Ja, kan vel seie at eg har møtt ein kjent dverg no! Og han låg på sofaen min! Det var onkelen til ho vi bur i lag med, og han var visst skodespelar av eit slag. Men må innrømme eg vart litt forfjamsa når eg kom heim og såg ein dverg ligge på sofaen ;)
Ja, så fekk eg igjen første typografi oppgåva vår i dag, og fekk 75% pluss ein god del skryt, så var veldig fornøgd med tanke på at det er ein veldig streng lærar! No har plakaten eg laga fått hedersplassen.... på do... hehehe ;)
Vart liksom kun på do denne plakaten passa, wonder why? ;)


Så er det berre 3 veker igjen til skulen er slutt og då vert det reising hit og dit! Silje fra klassa kjem nedover om eit par veker og då har vi planlagt sydneytur med blue mountains og klatring på harbour bridge! :D

Nei no får eg komme meg i seng! Tidleg opp i morga og ta igjen fortapt skulearbeid...
Natta folks! Savna dokke alle sammen! men no nærma heimreisa seg med stormskritt :)

Ingen kommentarer: