søndag 20. juli 2008

Søndagsmodus

Nok en dag er gått, og i dag fekk vi endelig berre slappe av! Vi gjekk innover til promenaden ved South Bank sentrum og der det var masse liv (til å vere ein søndag). Der la vi oss på bystranda og slappa berre av! Herlig mjuk sand og varme sol! Det vi la merke til først i dag, var at det er vintertid på andre måtar enn været, hehe. Sola går nemlig veldig fort ned! I 17-tida begynne sola å gå ned. Ganske merkelig sidan vi er vande med sommartida heime. Er norsk sommartemperatur, men blir tidlig mørkt. Ganske flaut å innrømme det, men vi vart ganske forvirra av kvar sola gjekk ned også! Den går ned i vest slik som heime, men ei stund skjønte vi ikkje kvar nord og sør var, hehe.
Kosa oss på citybeachen
Ingvild skal lage ferdigsuppe på det nye kjøkkene vårt!
Vart litt enkelt med mat første dagane ;)
Stova, og til høgre rommet mitt :)
Kjøkkenet
SVÆRE gangen vår!
(den fortsetter rundt hjørnet også! hehe)

Ellers begynne det endelig å gå opp for meg at eg skal vere her 5 måna! Og det har også gått opp for meg kor LENGE det egentlig er! Blir utrulig kjedelig å ikkje få sjå alle dokke heime på så lenge! Savna dokke allereide! Eg må virkelig få gjort ein del gøye ting her nede slik at tida går fort :)

Klem :)

Ingen kommentarer: