mandag 21. juli 2008

Nye bilder!

Ellers har eg nettopp komt heim fra byen med internasjonale studentar. Har også vore orienteringsdag i dag på Nathan campus, og det var både nyttig og kjekt. Møtte på "Campus-klubben" etterpå å mingla med dei nye studentane. Fann heile 8 norske til sammen, og 3 svenske :) Kjekt å møte "kjentfolk" :) Men det vart stort sett engelsk det gjekk i, ihvertfall med svenskane :)

På kvelden vart det altså tur ut på byen, på Irish Pub i Queenstreet. Veldig kjekt å bli kjent med andre folk her, sjølv om en del går på andre campus enn south bank :) Kom også i prat med nokre frå Australia/Brisbane, noke som også var veldig kjekt :)

Irish pub med nokre av dei internasjonale studentane
Bla svenske Mia nest fremt =)
(eg og Ingvild bakerst for dei som ikkje ser det ;))


Må berre få sagt at eg prøver å oppdatere med bilder til innlegga mine, så sjøl om det ikkje er nye innlegg her, kan det hende det er nye bilder :)

Ganske så trøtt no, så eg får skrive meir seinare!

Nattnatt

Ingen kommentarer: