mandag 21. juli 2008

Nye bilder!

Ellers har eg nettopp komt heim fra byen med internasjonale studentar. Har også vore orienteringsdag i dag på Nathan campus, og det var både nyttig og kjekt. Møtte på "Campus-klubben" etterpå å mingla med dei nye studentane. Fann heile 8 norske til sammen, og 3 svenske :) Kjekt å møte "kjentfolk" :) Men det vart stort sett engelsk det gjekk i, ihvertfall med svenskane :)

På kvelden vart det altså tur ut på byen, på Irish Pub i Queenstreet. Veldig kjekt å bli kjent med andre folk her, sjølv om en del går på andre campus enn south bank :) Kom også i prat med nokre frå Australia/Brisbane, noke som også var veldig kjekt :)

Irish pub med nokre av dei internasjonale studentane
Bla svenske Mia nest fremt =)
(eg og Ingvild bakerst for dei som ikkje ser det ;))


Må berre få sagt at eg prøver å oppdatere med bilder til innlegga mine, så sjøl om det ikkje er nye innlegg her, kan det hende det er nye bilder :)

Ganske så trøtt no, så eg får skrive meir seinare!

Nattnatt

søndag 20. juli 2008

Søndagsmodus

Nok en dag er gått, og i dag fekk vi endelig berre slappe av! Vi gjekk innover til promenaden ved South Bank sentrum og der det var masse liv (til å vere ein søndag). Der la vi oss på bystranda og slappa berre av! Herlig mjuk sand og varme sol! Det vi la merke til først i dag, var at det er vintertid på andre måtar enn været, hehe. Sola går nemlig veldig fort ned! I 17-tida begynne sola å gå ned. Ganske merkelig sidan vi er vande med sommartida heime. Er norsk sommartemperatur, men blir tidlig mørkt. Ganske flaut å innrømme det, men vi vart ganske forvirra av kvar sola gjekk ned også! Den går ned i vest slik som heime, men ei stund skjønte vi ikkje kvar nord og sør var, hehe.
Kosa oss på citybeachen
Ingvild skal lage ferdigsuppe på det nye kjøkkene vårt!
Vart litt enkelt med mat første dagane ;)
Stova, og til høgre rommet mitt :)
Kjøkkenet
SVÆRE gangen vår!
(den fortsetter rundt hjørnet også! hehe)

Ellers begynne det endelig å gå opp for meg at eg skal vere her 5 måna! Og det har også gått opp for meg kor LENGE det egentlig er! Blir utrulig kjedelig å ikkje få sjå alle dokke heime på så lenge! Savna dokke allereide! Eg må virkelig få gjort ein del gøye ting her nede slik at tida går fort :)

Klem :)

lørdag 19. juli 2008

Hope Street :)

Ja i går vart no nok en stressande dag! Første dagen på husjakt gjekk vi heile Southbank og West End pluss litt til (!), og igår gjekk vi gjennom delar av Kangaroo Point, så gjennom byen og oppover bratte bakkane mot togstasjonen og Spring Hill for å finne ei leiligheit. Vi såg fleire stadar for utleige, men det var stort sett ferieleiligheiter som ikkje hadde longterm utleige, eller så var det fullt.

Til "vegs ende" såg me ikkje mykje lys i tunnelen, og vi tenkte siste muligheita var å ta bussen til skulen for å få råd der. ..men.. igjen hadde vi ikkje mykje flaks. Der kunne dei ikkje hjelpe oss anna enn å vise til plakater og aviser med annonser. Sidan vi allereide hadde sjekka ut det meste til no, bestemte vi oss for å prøve å få ei veke på et nokså dyrt leiligheitskompleks, slik at vi i det minste hadde en plass å sove. Men igjen. Det EINE rommet dei hadde igjen vart nettopp utleigt av nokre som stod bak oss.

Vi va mildt sagt på gråten når det skulle skjere seg så forferdelig! Vi satte oss på en fortauskant å prøvde desperat å tenke ut ei muligheit sida klokka nærma seg kvelden og stengetider. Til slutt fann vi ut at vi skulle prøve et leiligheitskompleks vi hadde sett på dagen før. Vi hadde ikkje store trua for det var nokså dårlig kvalitet og skyhøge priser - umulig å finne noke møblert for under 6000 pr. pers! og der var itillegg depositum på snart 4000 kr.

Då vi endelig kom fram (er et stykke mellom bydelane!), så fekk vi ei positiv overrasking! Leiligheita me hadde sett på va utleigt, og dei måtte derfor tilby noke anna. Det vi fekk i staden var rett nok for tre, altså med ein tredje person, men leiga var betydelig mykje bedre! Vi såg på leiligheita, og den var også mykje finare enn den andre! Det tok ikkje lange tida før vi lagde avtale med dei og henta bagasjen fra hotellet vi hadde låge på. Kan seie vi var letta då ja! Endelig kunne vi pakke ut å virkelig slappe av før skulen begynne :)

Depositumet vart fortsatt nærmare 4000, men leiga vart snart tusen kr billigare med alt inkludert! :) Vil seie det er ganske grei beliggenheit også, med tanke på gåavstander. Det er vel berre et kvarterstid både over brua til byen og inn til sentrum av South Bank :)

Var nyyydelig å få pakke ut tinga her, og sette fram bilde og tegninga som eg fekk fra Gina :) Vart med en gong meir heimekoseleg!!

Fantastiske senga med eventyrdynetrekk!
Trengte å gi rommet litt farge ;)
Skrivepulten min, med Ginas tegning på korktavla =)
Nattbordet mitt, med det viktigaste!
- Odd; legg merke til kor bokmerke e i boka mi da! komt mej litt lenger da :P
Skorekka

I dag har vi tatt kvar sin laaange dusj, og gått stort sett heile dagen på queenstreet (handlegata), og funne ein del praktiske ting til leiligheita. Skulle GJERNE kjøpt en komfyr og ei dobbelseng også (for det mangla), men fann ut det vart litt for tungt å bære tilbake ;)
Ingvild heldiggrisen kjøpte seg brand new nine west sko! Men berre vent, eg skal nok ta igjen og få kjøpt litt merkekle eg òg :) Men må først òg fremst spare til utfluktene eg har på ønskelista :)

Feira leiligheita med starbucks :)

Fra fergekaia på kangaroopoint, med byen i bakgrunnen :)

Fra Victoria Bridge, med byen i bakgrunnen.
Denne brua ligg berre 5 min fra leiligheita så det er enkelt å komme seg over til byen og hovudgata!

Var forresten et HERK å bære med seg alt heim! Vi bytta på å bære en balje fullt i ting og matvarer, og ein sekk eg kjøpte fylt av sengekle ;)

Men no er vi tilbake i Hope Street som det heiter her på South Bank Campus. Synest navnet passa fint etter alt vi var gjennom igår! Det er "håp" for oss likevel :P

Klem :)

torsdag 17. juli 2008

Lita oppdatering

Ok; no ser det litt bedre ut her! I går morga fekk vi bagasjen vår og det var strålande fint vær! Vi fekk også tatt turen inn til South Bank i Brisbane og fekk sjå kor skulen og bystranda! nydelig fint! :)
Street beach - rett ved skulen! :)

Men aberet e at no he me andre natta på hotell for me finne ikkje leiligheit... :( skal i dag som i går leite etter leiligheit, og dokke får berre krysse fingrane for at vi finn noke :)

Klem

Turen down under!

Så var mandag 14. Juli komt – the big day! Eg og søstra mi, Merethe, sku reise samme dag, så mamma kjørte oss til Gardermoen. Men på veien måtte vi kjøpe koffert for den eg hadde vart ødelagt dagen før! Men fekk meg ein skikkeleg god koffert i det minste! :) Tenkte ej skulle klare meg med sekken eg hadde, men hadde ikkje heilt flaks med den heller – hadde nettopp komt inn døra på Gardermoen, så rivna først eine skulderstroppa, så den andre! Måtte berre le, for at både kofferten og sekken min skulle ryke var litt sprøtt.

Etter mykje makk med innsjekking også (var ikkje berre berre det heller), fekk vi endelig komt oss gjennom sikkerhetskontrollen, og då var det virkelig på gang! Måtte seie hadet til Merete også, og det var like trist som alle dei andre avskjedane..

Merethe på Gardermoen;
seie hade samtidig som ho sjøl reise ut av landet (Køben)

Ingvild klar for avreise!!
Spent på reisa! Men åå kor lei meg òg.
For mykje bagasje = mykje handbagasje :P

Så var vi på flye til London, og eg kan vel ikkje seie anna enn at turen og dei ulike mellomlandingane gjekk heilt fint, bortsett frå at vi hadde trudd vi skulle få meir tid til taxfree, internettsurfing og andre ”svært” viktige ting ;) Men kunne vel fått meir søvn på den 13 timers lange turen til Singpore! – stolen framfor oss kunne aldri knirka meir enn den gjorde, og guten oppi stolen kunne aldri bevegd seg meir! Men eg klarte òg holde meg, sjølv om det nesten klikka for meg! ;)

Fekk også sove litt frå Singapore til Sydney på 7 timer, men må innrømme at eg då var ganske døgnvill! Kom fram halv 11 på førmiddag norsk tid i Singapore, men der var den egentlig 17.30, og då vi reiste med flyet var det egentlig kveld sjølv om det føltes som morgen, og enda verre vart det å kome fram til Sydney 5 om morgenen der det var heilt mørkt ute; ei stund tenkte vi faktisk det var kveld, men det var stikk motsatt.

Vel framme i Brisbane, 9 om morgenen, begynnte ting å skjere seg igjen; vi vart møtt med et forferdelig regnvær og bagasjen var borte vekk. Hadde bestilt henting på flyet, så det var heller ikkje mykje tid til å finne ut om bagasjen, forsikring osv. Det einaste vi fekk vite var at dei skulle ringe så snart dei visste noke. No sitt eg her 19.45 lokaltid og har nettopp prøvd å ringe flyplassen; og dei veit fortsatt ikkje kvar bagasjen er! Har eit lite dilemma der, for klarte å glømme skikkelig klesskift (utrulig å tenke på med tanke på alt eg HAR pakka!). Så uten regnjakke og skikkelig kle, har vi gått ute å prøvd å finne fram.

London baby! ;)
...Og venting...

Vi er på kangaroopoint akkurat no, så det var ikkje mykje å sjå sidan det ligg et stykke utanfor byen. Men fekk oss i det minste litt mat. Men akkurat no har eg ikkje lyst på noke anna enn bagasjen – er våt og klam etter 30 timers reise og regnvær. Og tar eg en dusj vert det å hoppe opp i gamle kle og har heller ikkje store utvalget av toalettsaker (krise!). Men det positive er at det ikkje er kaldt her. Tipper det er rundt 20 grader, i hvert fall tidligare. Men det er sjølsagt til gjengjeld ganske fuktig luft.

Utanfor leiligheitene vore første dagen.
Denne sida av elva heite Kangaroo Point
Stova i leiligheita vår første dagen.
En stykk dødssliten og klam Hildegunn
Kjøkkenet
..og badet
Nei, vi får håpe det vert en bedre dag i morga! Er litt hjelpelaus akkurat no, for vert antakeligvis altfor dyrt å ringe reiseforsikringa, eller andre heime, og har kun ein time på nett som eg har betalt for! Litt vanskelig å ordne forskjellig uten internett. Men har vore effektiv no ved å skrive ned alt i word før eg går på nett! No gjeld det berre å prioritere rett på kva eg skal sjekke ut på nett :)

Legg snart ut litt bilder fra reisa også – for å vise at det ikkje berre er elendigheit her down under ;)

Klem frå midlertidig våte Brisbane :)

Ei veke på Tinn

Gjeld for veke 28 ;

No har eg vore ei veke på Tinn der mamma og Per bur. Og må berre seie me en gong at det va ei utrulig kjekk veke! Hovudgrunnen til besøket var bryllupet til mamma og Per laurdag, men turen vart også avslapning og planlegginga av bryllup på ulike måta. Eg, Merethe og J.Ø skreiv mellom anna en song til ho :)

Andre kvelden me nachos =) kos
Ellers fekk vi også anledning til å verte kjente me familien til Per, som viste seg å vere utrulig greie :) en god del av dei kom torsdagen, så da kan eg vel seie d vart et lite utdrikningslag, var veldig kjekt. Fekk også møte barnebarna til Per denne veka og søtare unga finst ikkje! :)
Laurdagen gjekk strålande, sjølv om det var litt regn no og då. Gifte vart dei i hvert fall, og det var både fine sermoni og artige fest etterpå! :) Var mange fine talar og alle kom godt overens :) Søndagen vart det også etterselskap me brunsj for alle som var med i bryllupet. Må innrømme at reisenervane var til stades då, sida det var mandagen, dagen etter, eg sku reise!! Vart kombinasjon av pakking og litt kake eting innimellom :)

Torsdag me første besøket og grillings :)

Merethe til venstre og Per si familie,
første dagen vi møtte dei :)
Bryllupet! Sette ringane på kvarandre!
Koselig sermoni :)Flotte brudeparet! Passa perfekt i hop
Mamma og Per me familie :)
For første gong ikkje fotograf so der dukka eg òg opp :P
Flotte mamma:) Ej fekk æra å sminke ho!

Uansett reisenerva så var det berre kjekt å få vere siste veka me ”storfamilia” mi!! ;)

tirsdag 8. juli 2008

Første stopp

Da har eg begynnt på reisa mi! Reiste fra Volda i går i 14-tida og det var som eg trudde veldig trist.. Glede meg til Australia, men det er trist å tenke på å vere vekke fra volda, ørsta, akito og ODD i snart et halvår!! MEN no har odd nesten bestemt seg for å besøke meg i september! Så da har eg ihvertfall noke veldig kjekt å sjå fram! :)

Første stopp er Tinn i Telemark, der mamma bur no. Her blir eg ei veke, for på laurdag gifter ho seg med Per som ho har vore sammen med i ett og et halvt år no! Det blir sikkert kjempestas! Håper det blir litt bedre vær einaste, for akkurat no er det nokså overskya.

Blir nok ikkje berre avslapping her, for det gjenstår ei STOR opprydding i bagasjen min! Har pakka eit heilt lass som vanlig og med handbagasjen har eg vel nærmare 40 kg!! Så eg får berre fint legge igjen en del saker her før mandagen kjem..

Ellers er eg vel også ein smule småstressa! Er for det første litt skeptisk på korleis det skal holde med pengar i Australia.. Trudde eg skulle få dekt flyreisa ned, men det endte opp med at lånekassen har gitt meg HALVPARTEN av det eg trudde eg skulle få - altså også berre halve av flybilletten. Så no har eg tatt opp banklån på 20 000 kr i tillegg til stipend og håper det er nok til at eg får både leve og oppleve.. Eg og Ingvild har heller ikkje på nokon måte fått klart kva fag vi får ta der nede! Så vi får berre satse på at vi får fire godkjende fag når vi kjem ned. Det bruker som regel å ordne seg, så eg må berre seie at eg gleder meg meir enn eg er stressa :)

Klem