onsdag 6. august 2008

Every day life

Ok, no har det gått ei veke uten oppdateringa, men det er ganske enkelt fordi det ikkje har skjedd så veldig mykje siste dagane, pluss at eg har fått ei FATAL internettregning (som antakeligvis er største grunnen). Så er livredd for å laste opp for mykje bilde i tilfelle eg bruker for mykje Mbytes..

Men med bilde eller ikkje så skal eg få prøve å oppdatere litt;
både denne og forrige veke har vi altså vore ein del på skulen og sjekka ut ein del av faga som vi har tenkt på. No har eg endelig klart å bestemme meg, så det vert Design in Advertising, Branding, Creative Thinking og Typographic Design 3. Alle faga virka utrulig interessante og det beste er at vi får kun to fag tysdag og to fag onsdag, slik at vi har ei enorm langhelg! Men så må det seiast at det er innleveringar kvar einaste veke, så det er nok av arbeid! Men om vi er heldige kan vi ta litt småturar inni mellom :)
Sjekka ut litt om faga i dag, og det virka som siste innleveringa er rett før mid-semester, altså slutten av oktober. Regna med det er noko eg har misforstått, men viss ikkje betyr det altså at eg har 1,5 månad uten skule der nede! Det verte kansje vel lang ferie, eg som allereide no har heimlengsel!

Ellers vart pubcrawlen torsdagen svært vellykka, og den faste gjengen fra Byron Bay var med, pluss ein fra klassa mi, så det vart ein veldig kjekke kveld :)
Søndag til mandag var eg, Ingvild, Mia og Josefin til Surfers Paradise på Gold Coast! Og det var som forventa ein utruli flott "surfeby". Lang å krittkvit strand, med høge bygninga langs med - nesten litt Miami-følelse (der er faktisk ei strand der som heiter Miami også; No wonder ;) ).
Tok toget ned ganske tidlig (berre 25 kr for 2 timers tur ned!), så låg ei stund på stranda.
Vi skulle overnatte med to svensker fra Byron Bay-turen, så vi møtte dei litt seinare og for til leiligheita deira å grilla på uteplassen :)
Var også ein tur ute på byen - ja, eg veit, på ein søndag! Eg er glad eg ikkje studerer på Surfers, for livet der er visst ganske festprega, og ikkje på den gode måten. Romkameraten vår kjem derfrå og sa faktisk ho måtte flytte derfrå fordi ho ikkje klarte å fokusere på studiane der!

Mandag vart det også ein tur på stranda. Dessverre vart det ikkje noke surfetimar på oss, men det skal vi absolutt ta igjen!
Ellers begynne været å snu her i Brisbane - det er ihvertfall det lokale her seier, så blir forhåpentligvis berre varmare og varmare :) Men regner med etter nokre månada så er det varmen eg klagar over og ikkje kulda ;)

Shopping me Josefin og Mia (og Ingvild bak kamera :)
Starbucks coffee med navna våre
Min til høgre med; "Hill" - mitt nye kallenavn
Kjekke gjengen:)
På Southbank - ditte va kaldaste dagen, så derfor regnjakka,
og knebukse fordi alle kleda va i vask;)
Ved elva på South Bank med byen i bakgrunnen :)

So var det så pass kul dekorasjon på bakken der
at ej måtte ta bilde av det òg ;)
Ved City Beach, og eg som elska palma måtte selvfølgelig dokumentere det!
Ellers enda ej av en eller anna merkeli grunn alltid opp med
å ha mat i handa når folk teke bilde! Merkelige tilfeldigheiter :)
Fantastisk indisk take away mat i Queen Street ;)

Ellers så har Ingvild med å vere ein del kvikkare enn meg på å skrive blogg, så i staden for å legge ut det same som ho, tenke eg at eg heller viser til hennar sin blogg :) Ho har blant anna lagt ut eit par småsnuttar :)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Heia gode godis:)

Bloggen din blir berre bedre og bedre, dei som ikkje leser den går glipp av noke virkeleg bra altso:)

Ej fe no som regel vite det meste over telefonen,men likavel kjekt å lese om tinga du gjer på..

Her heime e det samme gamle som du veit,Akito sliter fortsatt med eksem men det har blitt vesentlig mindre, men det er vanskeleg å passe på han heile tida, fo r han vil so gjerne slikke seg der det kleia,men no har eg begynt å ha på salve før vi går tur so da fe den ivertfall virke litt:)

Ellers e det lite nytt, nermer seg jobb igjen, he som vanleg ikkje lyst, men må no tene litt peng:)

Hmm, ditte vart no masse det, ej skulle egentli berre seie hei og minne dei på kor glade ej e i dej,sann i tilfelle du ha glømt d..

menmen,no e det natt her heime, so ej får vell hoppe i loppekassa:)
gonatt!

Hildegunn down under sa...

Oj, den såg ej ikkje før no!
So koselig med melding frå dej :D bra du lika bloggen! Men ekje so ofte ej skrive inn no, for byen forandra sej liksom ikkje so veldi frå dag til dag.. ;)
Håpe du he d bra heime! D e bra du snart ska på jobb, for d betyr at du snart kjeme hit! :D glede mej!!!
Gi Akito en stor trøsteklem, å gjerne en til dej også ;)
Glade i dej :)