søndag 17. august 2008

Litt skule innimellom ;)

Ja, må vel verte flinkare med oppdateringar her ser eg!
Fekk sjokk av forrige internett regning fordi den var DOBBEL så stor enn den skulle vere, fordi eg hadde brukt internett for mykje. Heilt merkelig at dei teke betalt per megabyte når ein har brukt opp "kvota". Ja, så eg må ihvertfall vere litt økonomisk og laste opp minst mogleg.

Siste to vekene har gått med til diverse skulearbeid og kviling. Har hatt sjuka i over 3 veker no, men no har eg endelig vorte heilt frisk! Har fått komt inn i alle oppgåvene til faga no, slik at eg har nokon lunde oversikt. Men har fortsatt ikkje heilt energien til å gjere skulearbeid. Håper den kjem snart.. Har innleveringar kvar veke framover, så eg må passe på å gjere litt arbeid kvar dag.
Har funne ut at siste innlevering/skuledag er rundt 10. november! D betyr at eg har over ein månad etter skuleslutt før heimreise! Har planar om å reise litt etterpå, og har snakka litt med dei andre norske eg har vorte kjent med om å reise fra sør, kanskje Melbourne, og ta kysten oppover. Kan bli nokså dyrt, men har virkelig lyst til å oppleve litt av alt no når eg er her :)
Bortsett frå det, vurderer eg også om eg skal prøve å skaffe meg ein tidlegare flybillett heim. Har tross alt lyst heim òg! Men eg har ikkje bestemt meg enda for kva som er lurast og best..

Det har sjølvsagt ikkje berre vore skulearbeid. Forrige fredag var eg på Crayfish party i Rochedale der Josefin og Mia budde. Er visst ein typisk svensk greie å ha "kräftskivor" som det heite på svensk :) Det vart ein kjempekjekke fest, der både norskane, svenskane frå Surfers og dei faste "aussiane" var med :)

Forrige onsdag var det public holiday her. Ingen veit kvifor dei har det, men det er ihvertfall ei årleg tilstelning her, og langs heile kysten, som heiter "EKKA". Den varer ei vekes tid og er ei slags familie tilstelning med tivoli, dyr, turar osv. Vi - Josefin, Mia, Ingvild og eg - var ikkje på det vanlege EKKA-området, men reiste til Ascot i the Valley, som berre er ein 20 minutts busstur. Her var det Race fest, altså hesteløp! Det var litt av ein opplevelse, for alle var kledd i finstasen med hattar - vi mangla dessverre hattane. Det var eit stort anlegg med hestebane, standar, og digre tribuner! Var også veldig spesielt med den australske naturen rundt. Heilt spesielt. Men det som var litt merkelig var at aussiane starta allereie i 10-tida på morgenen med drikke og feiring! Så kan mildt seie at det var nok "folke liv" der. Men elles var det ein utrulig kjekke tur, og var artig å sjå på hesteløparane!

I helga var det ikkje mindre enn to "house warming party", innflytningsfest. Fredag var ein god gjeng samla hos dei tre norske jentene, Linn, Ida og Berit. Dei har flytta frå Logan (Griffith Campus med heile 1 og en halvtime kjøretur til byen), til West End (20 minutt gåavstand frå oss på South Bank) :)
Laurdagen var det innflytningsfest hos Mia og Josefin som har flytta frå Rochedale (times tid med buss frå byen), til Peddington (20 minutt gåavstand frå oss på South Bank). Sann sett må eg seie at eg og Ingvild bur midt i smørøye, for det er stort sett same avstandane overalt sidan leiligheita ligg ganske sentrert i byen :)

Ellers må eg innrømme at det er lett å bli hekta på shopping her! Har aldri budd i ein storby før, og det er utrulig kva utvalg her er av alt mogleg. Mykje merkekle og sko, og mykje spesielle butikka med heilt unike ting. Fann mellom anna ein butikk som selde ALT du IKKJE kunne tenke deg, hehe. Det var alt frå bilskilt dekorert med "Glamorous" til maskerade masker til barokkprega smykkeskrin og 60-talls prega lommespeil. Eg som elskar dilldall var i himmelen akkurat her ;)
West End er perfekte plassen for å spare pengar. Der var haugen på med klesbutikkar der stort sett alt vart selt for $10! Så no har eg fått meg tre toppar og ein kjole for ikkje meir enn 150 kr :)

Som dokke ser er det ikkje så veldig mykje som skjer her akkurat no, bortsett frå sosiale tilstelninga og litt skule innimellom ;) Kan vel seie at eg trivast meir og meir her! Har vorte kjent med mykje nye folk og vert meir og meir kjent med byen.. så kan trygt seie eg føler meg meir heime no enn dei første dagane her:)
Har faktisk vore her i over ein månad no (!), så tida går faktisk fort til tross for heimlengselen.
Allereide neste veke har eg bursdag, og sidan Maria her vart 26 søndag og Ingvild 21 i morgon, tek vi feiringa på fredag! Forhåpentlegvis får vi holde til på taket her, med bassenget og grillplassen :)

Savna dokke alle der heime!
Klem

Litt bilde;

Surfers Paradise 3-4. august


Horse Race 13. august




1 kommentar:

Anonym sa...

Heia golle mitt!!
Sat akkurat og las bloggen din, ser ut som dokke he det kjempe kjekt der nede, begynne å glede mej til å ta turen no, einaste ej grur mej på er flyreisa, lure på å få tak i en PSP eller noke og fordrive tida me,fe sjå om ej he råda..
Her me mej på jobb er det lite spennande so skjer, so har egentli ingenting å fortelle,men første veka har ivertfall gådt veldi fort..
Det er no en som jobber her på platforma som er i lag med ei norsk som er på skule i Brisbane, sida du har blitt kjent med mange so er det no godt muleg att du har prata me ho:)
Blir sikkert bedre med ringinga vår når ej begynner på nattskift,for da kan ej ringe før jobb..
Men no e det lunsj:)
hade glade i dej og savna dei masse go jenta mi!!