Fredagen var eg og jentene ut på sushi bar! Første gong eg har prøvd det, og det var faktisk ikkje så gale som eg trudde det skulle vere! Kan ikkje seie det er yndlings retten min, men var veldig artig å berre ha prøvd det! Satt rundt et langbord der maten gjekk rundt i midten slik at vi kunne plukke ut det som såg fristande ut :)
Etter sushi kvelden vart det ut med naboane. Det var mykje styr som skjedde då, for brannalarmen gjekk av, så alle måtte ut, og så kom brannbilen og heile pakka. Men reknar med det var falsk alarm. Då vi skulle ut vart eine påkjørt av ein 4WD, og føraren berre stakk av! Ho måtte på legevakta og få seg krykker, men elles gjekk det bra med ho.
Laurdag vart det enda meir så skjedde, for då var det River Fire, altså fyrverkeri langs heile elva! Eg og Ingvild skulle eigentleg vere med til ei leiligheit i 26. etasje og sjå det derfrå, men vi rakk ikkje det før fyrverkeriet starta, så vi sto ved elva og såg det derfrå! Utrulig folkeliv, masse fyrverkeri, musikk, og jetfly som flaug lavt langs elva! Utrulig show!
Etterpå vart vi sittande med naboane. Då var det enda meir styr i komplekset, for vi har då overvåkningskanal på alle romma og såg at det kom politi og tok med seg folk ut. Det var tydeligvis noko hærverk som hadde skjedd i ei eller anna etasje. Seinare gjekk vi ut i byen :) Var heldigvis litt mindre folk på brua då. Den var stengt av medan fyrverkeriet holdt på, så når eg og Ingvild skulle skyndte oss over tidlegare, var det som å gå i tog! Heilt stappfull bru!
På slutten av kvelden vart det eit lite besøk på kasino! Men brukte berre 5 dollar (25 kr), så kan ikkje seie det var gale :)
På taket ved basseng og barbeque området :D

Søndagen hadde eg bursdag, men brukte mesteparten av dagen til å berre slappe av :) Eg og Ingvild tok ein tur innom starbucks, og kjøpte som vanlig sjokolade muffins og mocha frappuchino ;)
På kvelden vart det kino; Baby Mama, besøkte naboane litt, og bestilte pizza og brownies ;)
No er det på tide eg tek igjen litt skulearbeid! Odd reiser i dag, og vil få gjort unna ein del skulearbeid til han kjem! Tida går altfor fort når det er mykje å ordne!
Klem
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar