Ok, no he d gått nok ei veke, eller vel ei veke, og som vanlig er det mykje som skjer og nye folk å bli kjent med!
Forrige tirsdag hadde Ingvild bursdag så då prøvde vi kinoen her igjen. Vi var vel eigentleg heldige som fekk sitte i salen med det største lerretet, men aberet var at der ikkje var andre plassar enn nesten heilt fremst, så det vart ein interessant opplevelse, hehe. Måtte bokstaveleg talt flytte haude for å få med seg alt på skjermen ;) Men det var ihvertfall ein bra film ; The Dark Knight.
Torsdag var Ingvild og eg til IKEA! Det ligg rundt 1-1,5 time med buss herfrå. Men vi hadde ikkje heilt flaks med bussane, så tok ei evigheit før vi kom fram! (Kan sjå eit videoklipp av "turen" på Ingvild sin blogg ;) ).
Men fekk ihvertfall handla litt billig dilldall til leiligheita, så når vi kom heim vart det pynting med plakata, pledd, puter og stearinlys :) Vi skulle ha bursdagsfest fredagen så fann ut vi måtte gjere leiligheita meir presentabel ;)
Fredag vart det altså bursdagsfest der vi feira både Maria, Ingvild og meg (sjølv om eg ikkje har fylt enda). Vart ein knall fest med både kjente og ukjente! Grunnen til at eg seie ukjente var at eg fekk ein merkelig telefon frå tre gutar. Dei satt på toget frå surfers paradise og hadde vorte invitert av nokre jenter vi opprinnelig hadde invitert. Men dei hadde då avlyst så dei tre gutane satt på toget og hadde ikkje aning kvar dei skulle ta vegen! Så då hadde vi ikkje hjerte til å seie nei, og heldigvis var det ein kjekke gjeng :)
På kvelden for vi ut på byen, denne gongen i the Valley som skal vere ein veldig bra plass for nattklubber, men må innrømme at der vi enda opp ikkje var noko å skryte av, 5 etasjer, men det var det einaste store med det ;)
Laurdag vart vi faktisk kjent med nokre i vår etasje i leiligheitskomplekset vårt. Dei hadde skreve på døra si; "Give me some sugar, cause I'm your neighbour!", og då fann eg og Ingvild ut at vi like gjerne kunne putte noko på vår eiga dør, så då skreiv vi; "I'm your neighbour" og satte ein pakke med sukker utanfor døra ;) Det funka veldig fint, for nokre timar etterpå banka det på døra :)
I går hadde vi faktisk kort-kveld hos dei, der det også var nokre amerikanarar - slår aldri feil der; høglytte og voldsomme! Men kjekke var dei :) satt der vel til halv 2-2, så kan vel ikkje seie anna enn at me hadde det veldig kjekt :)
Ellers har det vore ein god del å tenke på når det gjeld skule! Har nettopp levert eit prosjekt i Design in Advertising der eg laga ein kampanje for 4 wheel drivers, der vi skal prøve å minske dødsfall og ulykkene som skjer på grunn av desse bilane. Sidan vi kom litt seint inn i faget vart det litt dårlig tid til å bli heilt fornøgd med produktet, så håper neste blir betre. Då skal vi lage "reklame" for heimlause, der vi skal få folk til å opne augene for dei heimlause og gi pengar. Artig oppgave.
I Branding har vi same oppgåve gjennom heile semesteret der vi skal bearbeide merket eller profilen til ei bedrift, så blir litt research og ein del bearbeiding av design..
I Typographic Design 3 skal vi lage eit produkt der typografien, gjerne saman med bilder, skal uttrykke et argument for ei bestemt sak. Eg skal prøve å formidle at alt det fokuset mange får rundt helse og av kva som er den rette måten å leve på, angåande trening, kaloriar, vekt og mat generelt får ein til å gløyme kva som egentlig er viktig her i livet! Har ikkje bestemt meg for korleis eg skal løyse det, men har funne ein blogg av ei jente som er avhengig av måling og vekt, så kjem til å bruke sitat derfrå til arbeidet mitt.
Ellers har vi Creative Thinking der vi jobbar med eit seminar der vi skal engasjere klassa i å gjere oppgåver eller liknande og vise ein viss effekt av korleis ein kan "skape" kreativitet. Eg og gruppa mi har allereide ein ide, og trur det kan bli eit ganske morsomt prosjekt! Creative Thinking handla jo mest om å leike seg og ta sjansar og ta feil! Så ein har liksom uendelig med muligheiter :) Veldig artig fag!
Men.. Først og fremst kjem ODD om UNDER ei VEKE!!!! Heilt utrulig kor fort tida har gått!! Glede meg utruuuulig mykje til det! Blir artig å kunne vise han rundt no når eg er nokså kjent her :) Så har vi også planar om å reise heile gjengen (det vil sei svenskane, Ingvild og meg, og så Odd sjølvsagt) oppover til Cairns, anten første eller andre helga han er her! Der er for det første betraktelig mykje varmare enn her! Dessutan kan vi då reise ut til delar av Great Barrier Reef og snorkle! Og Odd forhåpentligvis dykke =)
Naboane vi har vorte kjent med kjem faktisk frå Cairns også, så kan hende vi kan klaffe det slik at vi reiser oppover når dei reiser :)
I helga er det River Festival, der det vert stort opplegg langs heile brisbane river, blant anna stort fyrverkeri langs elva! Det vert sikkert eit vanvittig folkeliv då!
Nei, eg får vel gjere litt skulearbeid! Vil få gjort mest mulig til Odd kjem nedover! :D Eg skal forresten høre med han om å ta med bokseleverpostei nedover! Håper det går an, for peanøttsmør toppa ikkje leverpostei ;)
Aussie-klem :)
På biblioteke på QCA.
Det var den dagen eg verken klarte å printe ut eller stifte sammen papir.
Hadde vel noko med at eg berre hadde sove 4 timar;)

Ingvild måtte ta eit bilde.
Eg sitt i sofaen med nytt accessories frå IKEA.
Det passa til supre varme tøflene mine og koppen som står "chocoholic" på ;)

Eg og Ingvild tok ein liten photoshoot før bursdagsfesten
sida vi hadde pynta oss så fint ;)


Litt av folka på festen vår :) Maria og Ingvild er bursdagsbarn med kroner, eg hadde midlertidig pause i kronebæringa.

Btw: Skulen har FANTASTISKE sjokolade muffins!!! Ikkje bra for kropp og sjel :P