Da har eg begynnt på reisa mi! Reiste fra Volda i går i 14-tida og det var som eg trudde veldig trist.. Glede meg til Australia, men det er trist å tenke på å vere vekke fra volda, ørsta, akito og ODD i snart et halvår!! MEN no har odd nesten bestemt seg for å besøke meg i september! Så da har eg ihvertfall noke veldig kjekt å sjå fram! :)
Første stopp er Tinn i Telemark, der mamma bur no. Her blir eg ei veke, for på laurdag gifter ho seg med Per som ho har vore sammen med i ett og et halvt år no! Det blir sikkert kjempestas! Håper det blir litt bedre vær einaste, for akkurat no er det nokså overskya.
Blir nok ikkje berre avslapping her, for det gjenstår ei STOR opprydding i bagasjen min! Har pakka eit heilt lass som vanlig og med handbagasjen har eg vel nærmare 40 kg!! Så eg får berre fint legge igjen en del saker her før mandagen kjem..
Ellers er eg vel også ein smule småstressa! Er for det første litt skeptisk på korleis det skal holde med pengar i Australia.. Trudde eg skulle få dekt flyreisa ned, men det endte opp med at lånekassen har gitt meg HALVPARTEN av det eg trudde eg skulle få - altså også berre halve av flybilletten. Så no har eg tatt opp banklån på 20 000 kr i tillegg til stipend og håper det er nok til at eg får både leve og oppleve.. Eg og Ingvild har heller ikkje på nokon måte fått klart kva fag vi får ta der nede! Så vi får berre satse på at vi får fire godkjende fag når vi kjem ned. Det bruker som regel å ordne seg, så eg må berre seie at eg gleder meg meir enn eg er stressa :)
Klem
tirsdag 8. juli 2008
torsdag 26. juni 2008
The journey begin
No har eg endelig fått oppretta meg blogg for opphaldet mitt i Brisbane, Australia! Så får vi sjå om eg får dette til å virke.
Eg og Ingvild reiser down under 14. juli for å studere et semester! Dette blir en del av Media, IKT og Design på Høgskulen i Volda. Men sjølsagt skal det ikkje berre bli skuleprat her; Eg håpa å regna med at eg og Ingvild skal finne på masse gøy på south bank i Brisbane. Vi gleda oss allereide til den første og ferdibestilte turen til Byron Bay som blir en tredagers tur me masse gøy!
Men akkurat no er det masse praktisk å ordne.. faga.. å ikkje minst ka en skal pakke?!
Kjem med meir babl seinere.. :)

Abonner på:
Innlegg (Atom)